Ljudmila Sjevtsova

Ljudmila Ivanovna Sjevtsova (fødd 26. november 1934) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Taman som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 800 meter i 1960.

Ljudmila Sjevtsova


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 26. november 1934 (89 år)
Taman
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, EM i friidrett 1954

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Sjevtsova tok bronsemedaljen på 800 m under friidretts-EM i Bern i 1954. Året etter vart ho sovjetmeister på 400 m og 800 m, også i 1956 og -59 vann ho 800 m i sovjetmeisterskapen.

Den 3. juli 1960 sette ho verdsrekord på 800 m. Rekordtida 2.04,3 tangerte ho då ho to månader seinare spurta forbi australske Brenda Jones og vann gullmedaljen på distansen under sommarleikane i Roma. Ho vart sovjetmeister på yndlingdistansen i 1961 og -62, men vart slått ut i EM i friidrett 1962 i Beograd.

Kjelder endre