Llyn Celyn er eit stort reservoar som vart bygd mellom 1960 og 1965 i dalen til elva Tryweryn i North Wales. Det er om lag 4 km langt og har ei maksimal djupne på 43 meter. Det har ein kapasitet på 71,2 milliardar liter vatn.[1]

Llyn Celyn
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Lengd 4,0 km
Koordinatar 52°57′0″N 3°41′38″W / 52.95000°N 3.69389°W / 52.95000; -3.69389
Kart
Llyn Celyn
52°57′00″N 3°41′38″W / 52.95°N 3.6938888888889°W / 52.95; -3.6938888888889
Wikimedia Commons: Llyn Celyn

Det vart opphavleg kalla Llyn Tryweryn Mawr, men i september 1964 endra Liverpool Corporation namnet.[2]

Bygginga og motstanden endre

Bygginga av reservoaret omfatta at landsbyen Capel Celyn og omliggande jordbruksland vart lagt under vatn. Dette skapte mykje sinne, fordi walisisk kultur og språk stod særs sterkt i landsbyen, samt at reservoaret vart bygd for å gje vatn til Liverpool og delar av Wirral i staden for Wales. Avgjersla om å byggje reservoaret vart teken trass i at 35 av 36 walisiske parlamentsmedlemmer var imot, og den 36. av desse stemde ikkje. Dette førte til auka støtte for det walisiske nasjonalistpartiet Plaid Cymru.

Det vart halde ei offisiell opning den 21. oktober 1965 med representantar frå byrådet i Liverpool. Det var venta store protestar og mykje politi var til stades. Seremonien varte mindre enn tre minuttar fordi protestantane hadde kutta mikrofonleidningane og ropa frå dei mange hundre protestantar gjorde at ingen høyrde noko av talen.

I oktober 2005 gav byrådet i Liverpool ut ei offentleg unnskyldning for hendinga.[3]

Kjelder endre

  1. National Library of Wales, "Celyn lake held a capacity of 71,200 mega litres of water, the biggest dam in Wales"
  2. Capel Celyn, Ten Years of Destruction: 1955 - 1965, av Einion Thomas, publisert av Cyhoeddiadau Barddas & Gwynedd Council, 2007, ISBN 978-1-900437-92-9
  3. Flooding Apology Where I Live:Liverpool, BBC website

Bakgrunnsstoff endre