Llyn Idwal
Llyn Idwal er ein innsjø i Cwm Idwal i Glyderaufjella i Snowdonia i Wales.[1] Han er om lag 800 meter lang og 300 meter brei.
Llyn Idwal | |||
innsjø | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 53°6′57″N 4°1′32″W / 53.11583°N 4.02556°W | ||
Llyn Idwal 53°06′57″N 4°01′32″W / 53.115833333333°N 4.0255555555556°W | |||
Wikimedia Commons: Llyn Idwal |
Innsjøen er kalla opp etter sonen til Owain Gwynedd, ein av dei gamle prinsane av Wales, som i følgje segna vart myrda ved drukning i innsjøen.[2]
Det renn fleire bekkar ut i Llyn Idwal frå kring Cwm Idwal. Ei lita elv renn ut av innsjøen og munnar ut i Afon Ogwen ved Pont Pen-y-Benglog nær Ogwen Cottage, like oppfor fossen Rhaeadr Ogwen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Llyn Idwal» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ordnance Survey 1:25000 Explorer Map OL17, publ. Ordnance Survey, Southampton, 2008.]
- ↑ Cwm Idwal leisure walk information page of the Snowdonia National Park Authority 2009[daud lenkje]