Llywelyn den store

Llywelyn den store (walisisk Llywelyn Fawr; IPA: ɬəˈwɛlɨn; født ca. 1172, død 11. april 1240) eller Llywelyn ab Iorwerth var prins (tywysog) av Kongedømet Gwynedd i Nord-Wales og de facto herskar over størsteparten av Wales. Han er også blitt kalla Llywelyn I av Wales og Llywelyn II av Gwynedd, og gjennom ein kombinasjon av krig og diplomati dominerte han Wales i førti år.

Llywelyn Fawr ab Iorwerth
Llywelyn the Great.JPG
Prins av Gwynedd
Regjeringstid119511. april 1240
Fødd1173
FødestadDolwyddelan
Død11. april 1240
DødsstadAberconwy Abbey
GravstadAberconwy Abbey
Gift medJoan av Wales
DynastiHouse of Gwynedd
FarIorwerth Drwyndwn
MorMarared ferch Madog
BornGruffydd ap Llywelyn,

Marared ferch Llywelyn,
Gwladus Ddu,
Elen ferch Llywelyn,
Angharad ferch Llywelyn,
Dafydd ap Llywelyn
og kanskje Tegwared ap Llywelyn og

Susanna ferch Llywelyn
Kart over Wales i 1217. Område styrt direkte av Llywelyn i gult, av vassalprinsane hans i grått og av anglonormanniske herskarar i grønt.

Llywelyn var son av Iorwerth Drwyndwn, eldstesonen til kong Owain ap Gruffudd av Gwynedd. Då han var ung blei Gwynedd styrt av to av morbrørne hans, som hadde delt kongedømet mellom seg etter at Owain døydde i 1170. Som son av den eldste ektefødde sonen til Owain hadde Llywelyn krav på trona, og byrja eit felttog for å vinna makta i riket. I 1200 var han den einaste gjenverande herskaren av Gwynedd. Same året gjekk han med på ein avtale med kong Johan av England, og dei to kongane hadde eit godt forhold dei neste ti åra. I 1205 gifta han seg med Johan si dotter, Joan, og då Johan arresterte Gwenwynwyn ab Owain av Powys i 1208, brukte Llywelyn høvet til å annektera den sørlege delen av Powys. I 1210 braut relasjonane mellom Llywelyn og Johan sammen, og det følgjande året invaderte Johan Gwynedd. Llywelyn blei nøydd til å forhandla, og måtte gje frå seg alle landområda aust for elva Conwy, men ved å alliere seg med andre walisiske prinsar fekk han dei tilbake året etter. Sidan allierte han seg med dei engelske baronane som tvinga Johan til å underteikna Magna Carta i 1215. I 1216 var han den dominerande herskaren i Wales, og arrangerte dette året ei forsamling i Aberdyfi for å dela ut landområde til dei andre walisiske prinsane.

Etter at kong Johan døydde underskreiv Llywelyn Worcester-traktaten med etterfølgjaren hans, Henrik III av England, i 1218. I løpet av dei neste femten åra var Llywelyn ofte involvert i konfliktar med dei engelske fyrstane i grenseområda mellom England og Wales og nokre gonger også med den engelske kongen, men han skipa også alliansar med fleire av fyrstane i grenseområdet. Middle-freden i 1234 blei endne på Llywelyn si krigføring, sidan freden som opphavleg var sett til å vara i to år, stadig blei forlenga med eit år heilt fram til slutten av Llywelyn si regjeringstid. Han heldt stillinga si i Wales fram til ham døydde i 1240, og blei etterfølgd av sonen sin Dafydd ap Llywelyn.

KjelderEndra