Loch Carron
Loch Carron (skotsk-gælisk Loch Carrann) er ein sea loch eller fjord på veskysten av Ross and Cromarty i Highland i Skottland. Det er staden der River Carron munnar ut i havet.
Loch Carron | |||
fjord | |||
Loch Carron mot Applecrosshalvøya
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Loch Carron 57°22′00″N 5°31′00″W / 57.366666666667°N 5.5166666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Carron |
I følgje sjøkart er tidvasstraumen i dei smalaste partia 3 knop (5,5 km/t), men det er få krusingar i straumen. På det smalaste er djupna mindre enn 20 meter, medan ho er meir enn 100 meter på begge sider av det smale partiet.[1] Nedanfor klippene ved Strome Castle finst ein koloni med reirskjel.
Landsbyen Lochcarron ligg ved fjorden, som han er kalla opp etter. Ein annan landsby ved vestenden av fjorden er Plockton.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Carron» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 2528 Loch Gairloch, Loch Kishorn og Loch Carron (Map) (2007 utg.). UK Hydrographic Office.
- ↑ Dive Magazine, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 14. januar 2010