Loch Katrine (skotsk-gælisk Loch Ceiterein) er ein innsjøe i distriktet Stirling i Skottland. Han er om lag 13 km lang og 1 km brei, og går langs Strath Gartney (Gaelic: Srath Ghartain). Det er ein populær turistdestinasjon, mellom anna dagsturar frå Glasgow og andre nærliggande byar.

Loch Katrine
innsjø
Oppfor Stronachlachar, utsyn austover langs innsjøen
Land  Skottland
Innsjøtype innsjø, reservoar
Lengd 13 km
Breidd km
Koordinatar 56°15′16″N 4°30′56″W / 56.25444°N 4.51556°W / 56.25444; -4.51556
Kart
Loch Katrine
56°15′16″N 4°30′56″W / 56.254444444444°N 4.5155555555556°W / 56.254444444444; -4.5155555555556
Wikimedia Commons: Loch Katrine

Busetnader

endre
 
Stronachlachar frå Loch Katrine med Factor's Isle i føregrunnen.

Dei største busetnadene ved Loch Katrine er Trossachs Pier i austenden eller Stronachlachar (gælisk Sròn a' Chlachair) mot vestenden. I tillegg finst fleire hytter og gardar langs innsjøen.

Øyar

endre

Det er fleire små øyar i Loch Katrine som Ellen's Isle (gælisk An t-Eilean Molach), the Black Isle og Factor's Island (gælisk Eilean a' Bhàillidh).

Vassforsyning

endre

Loch Katrine er eigd av Scottish Water og er hovud vasskjelda for det meste av byen Glasgow og det omliggande området. Vassnivået er vorte kunstig heva rundt to meter. Bygginga av anlegget starta i 1855 og vart opna av dronning Victoria i 1859. Vatnet vert ført i akvedukter bort frå innsjøen.

Kjelder

endre

2008