Loch Neldricken
Loch Neldricken er ein innsjø i Galloway søraust for Merrick, sør for Craig Neldricken og vest for Craignaw. Insjøen er nesten delt i to av eit langt nes. Elva har utløp via den korte Mid Burn inn i Loch Valley og så via Gairland Burn ned til Loch Trool.
Loch Neldricken | |||
innsjø | |||
Innsjøen med Craignaw i bakgrunnen
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Utløp | Mid Burn | ||
Høgd over havet | ~350 moh. | ||
Koordinatar | 55°07′00″N 4°26′20″W / 55.11667°N 4.43889°W | ||
Loch Neldricken 55°07′00″N 4°26′20″W / 55.116666666667°N 4.4388888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Neldricken |
Ei lita øy vest i innsjøen er markert på kart som 'Murder Hole' (Mordarholet) og er omtalt i SR Crockett sin The Raiders. Det opphavlege 'Murder Hole' var ein brønn i Glen Trool til Straiton-vegen der lika til reisande som hadde vorte rana og myrda vart dumpa og Crockett flytta denne staden for boka si.[1][2]
Innsjøen har vorte råka av forsuring, men har til ein viss grad kome seg att med ein pH som har auka frå 4,4 i 1978 til 5,4 in 2003.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Neldricken» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chapter Six - Rowantree Toll». The Grey Man. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 20. juni 2008.
- ↑ Colin Hogarth. «The Murder Hole». walkscotland.com. Henta 4. september 2010.
- ↑ «Recovery from Acid Rain Gives Hope to Scottish Upland Salmonid Populations» (PDF). Fisheries Research Services. 16/08/04. Henta 3. september 2010.[daud lenkje]