Loch Shin
Loch Shin (skotsk-gælisk Loch Sìn) er ein innsjø nordvest i Dei skotske høglanda. I sør ligg den vesle byen Lairg. Innsjøen er den største i Sutherland, og strekkjer seg frå nordvest til søraust med ei lengd på 27,2 km.
Loch Shin | |||
innsjø | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | innsjø, reservoar | ||
Utløp | River Shin | ||
Lengd | 27,2 km | ||
Koordinatar | 58°6′N 4°32′W / 58.100°N 4.533°W | ||
Loch Shin 58°06′00″N 4°32′00″W / 58.1°N 4.5333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Shin |
I 1950-åra vart vassnivået heva med 10 meter då Lairg Dam vart bygd av Wimpey Construction som ein del av vasskraftutbygging i området.
Innsjøen er omgjeve av høge fjell, som Ben More Assynt i vest og Ben Klibreck i aust. Innsjøen vert drenert ut i Nordsjøen via den korte River Shin som munnar ut i Dornoch Firth.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Shin» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Tour Loch Shin
- Loch Shin vasskraftutbygging
- Hydro Scotland Arkivert 2013-01-03 ved Archive.is