Loch Venachar (skotsk-gælisk Loch Bheannchair) er ein innsjø i Stirling i Skottland, mellom Callander og Brig o' Turk. Han ligg om lag 82 meter over havet og er 6 km lang. Den største djupna er om lag 33 meter.

Loch Venachar
innsjø
Tidleg om morgonen
Land  Skottland
Tilsig Black Water
Høgd over havet 82 moh.
Lengd km
Koordinatar 56°13′N 4°19′W / 56.217°N 4.317°W / 56.217; -4.317
Kart
Loch Venachar
56°13′15″N 4°18′08″W / 56.22076°N 4.30226°W / 56.22076; -4.30226
Wikimedia Commons: Loch Venachar

Black Water renn frå Loch Achray og ut i vestenden av Loch Venachar og i aust renn Eas Gobhain frå vatnet til River Leny ved Callander der dei dannar River Teith.

Sørsida av innsjøen er skogkledd med mange skogsstiar. Nokre av dei fører over åsane til Lake of Menteith og nokre vestover langs innsjøen til Loch Achray og Trossachs.

Invertrossachs House, som vart vitja av dronning Victoria i 1869, ligg òg på sørsida.

Det finst mykje aure og gjedde i innsjøen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre