Lodève er ein liten mellomalderby og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Hérault i regionen Languedoc-Roussillon, og har om lag 7 000 innbyggjarar.

Lodève
Byvåpenet til Lodève
Byvåpenet til Lodève
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Hérault
Geografi
Flatevidd 23,17 km²
Flatevidd
 - By

23,17 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

6 900
  297/km²
Koordinatar 43°44′N 03°19′W / 43.733°N 3.317°W / 43.733; -3.317
Høgd over havet 165 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 34700

Geografi

endre

Lodève ligg der slettene stig opp mot Larzac-platået, 54 km frå Montpellier, i dalen til elva Lergue. Han er omgjeve av grøne åsar og vingardar, og ligg berre 8 km frå den store kunstige innsjøen Salagousjøen.

Historie

endre

Lodève vart grunnlagd som hovudstad for ei stamme kalla Lutevani, før han vart ein romersk by under namnet Luteva. Byen var stoppestad for dei mange pilegrimane som skulle til Santiago de Compostela via Arles-vegen. Byen var eit bispesete fram til den franske revolusjonen, og var òg eit senter for tekstilproduksjon under Louis XV, og heimstad til ein av berre to kongelege veggteppeveveri. Den andre var gobelinfabrikken i Paris.

Bakgrunnsstoff

endre