Opna hovudmenyen
For elva med same namn, sjå Elva Hérault
Hérault
Våpenskjoldet til Hérault
Plassering
Plasseringa til Hérault i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 34
Region: Languedoc-Roussillon
Préfecture: Montpellier
Sous-préfectures: Béziers
Lodève
Arrondissement: 3
Kantonar: 49
Kommunar: 343
Président du conseil général: André Vezinhet
Statistikk
Folketal Rangering 22.
 -1999 896 441
Folketettleik: 147/km²
Landareal¹: 6 101 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Hérault (oksitansk: Erau) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Montpellier (225 000 inb. i 1999) som òg er hovudstad i regionen.

Rue Foch i Montpellier

Medan Montpellier har vore ein viktig universitetsby sidan mellomalderen, så er hovudnæringsvegane i departementet landbruk og turisme. Vin for masseforbruk har vore det viktigaste produktet. Auka import frå Amerika og Australia og mindre vinforbruk i Frankrike har gjort at vinbøndene står overfor krav om omlegging til mindre vinmarker og høgare kvalitet, nok som har vore ein smertefull prosess.

HistorieEndra

Hérault er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.

Ved byrjinga av 1900-talet førte låge vinprisar i samband med sjukdom i vindruene førte til protestar frå tusentals mindre vinmakarar. Opprøret vart hardt slått ned på av regjeringa til Georges Clemenceau.

Den harde frosten vinteren 1956 øydela oliventrea, og oliveproduksjonen i området kom seg ikkje på fote igjen før i 1980-åra. Mykje av verksemda tilknytt olivenindustrien la ned.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude, Tarn, Aveyron, Gard, i tillegg til Middelhavet (Golfe du Lion) i sør.

Geografisk er departementet svært variert med strender i sør, Cevennane i nord, og med jordbruksland i mellom.

Viktige elvar:

KlimaEndra

Middeltemperaturen ligg mellom 15 og 16 °C.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Héraultais.

KulturEndra

TurismeEndra

Dei mest kjende turiststadene i Hérault er:

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hérault