Loftleiðir var eit privat islandsk flyselskap.

Loftleiðir

Skipa1944
HovudkontorReykjavík
LandIsland

Soge endre

Loftleiðir, eller Icelandic Airlines Loftleiðir, blei grunnlagt 10. mars 1944 av tre unge islandske flygarar som etter heimkomst frå flygarutdanning i Canada stifta selskapet. Dei fyrste åra opererte selskapet utelukkande på innanlandsnettet

Den 17. juni 1947, på nasjonaldagen til Island, starta Loftleiðir sin fyrste internasjonale rute mellom Reykjavík og København. Flyet som blei brukt var ein DC-4 Skymaster, det fyrste verkelege flyet til Island som var egna for utanrikstrafikk. I 1948 fekk Loftleiðir løyve til å fly rute til USA, og 26. august 1948 landa Skymasteren til Loftleiðir på Idlewild Airport (nå kjent som JFK) med 46 passasjerar i den fyrste kommersielle flyginga mellom Island og USA.

I 1952 starta Loftleiðir fast ruteflyging mellom New York og Europa via Island.

På 1950-talet var restriksjonane innan den internasjonale flytrafikken større enn i dag. Dei fleste selskapa hadde stort sett berre løyve til å transportere passasjerar og gods til og frå eiget land.

Loftleiðir utnytta den moglegheita som låg i dette til å transportere passasjerar mellom Europa og USA ved å fly desse til Island og frå Island, det var ikkje naudsynt, reint fysisk, å dele reisa i to, berre aktuelt å utstyre passasjerane med to billettar.

I løpet av 1960- og 1970-åra innførte Loftleiðir lågprisbillettar over Nordatlanteren med Luxembourg som utgangspunkt, via dei nordiske landa og Island.

Tilbodet om lågprisbillettar blei svært populært og selskapet trekte til seg mange passasjerar, men selskapet blei motarbeida av IIATA på grunn av dette.

Etter kvart fekk selskapet økonomiske problem og konkurransen med det nasjonale selskapet til Island, Flugfelag Islands, blei merkbar. Samtidig var det eit aukande press frå den islandske regjeringa om samanslutning, og dei to selskapa gjekk saman i 1973 og danna Icelandair.

Namnet Flugfélag Íslands blei vekt til live igjen i 1997 gjennom ein samanslutning av Icelandair og Flugfélag Nordurlands og frå 2003 opererer Loftleidir Icelandic igjen som eit charterselskap og med utleige av fly.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Loftleiðir