Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig

Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig var den fyrste lova i Noreg som vart skriven på landsmål. Ho vart vedteken på Stortinget i 1894, og vart gjord gjeldande frå og med 1. januar 1895. Lova innførde ei sams normaltid for heile Noreg. Inntil då var lokal tid fastsett som soltid, etter korleis sola gjekk. Skilnaden kunne vera 1 time og 47 minutt mellom den austlegaste og vestlegaste lokaltida. Framvekst av snøggare kommunikasjonar, som til dømes telegrafi og jarnvegar kravde ei meir sams tid for at verksemda kunne gå føre seg trygt og effektivt. Ei tid opererte ein med jarnvegstid og telegraftid, som kunne skilja seg frå lokal tid.

Lova vart oppheva 01.01.2008 og erstatta av LOV 2007-01-26 nr 04: Lov om målenheter, måling og normaltid.

Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig endre

§ 1. Fraa den 1ste januar 1895 skal mideltidi fyr den meridianen, som ligg 15 grader austanfyr Greenwich, vera det loglege klokkeslætte i Norig. Kongen kan fastsetja ei anna sams normaltid for særskilte årstider.

§ 2. Naar normaltid etter denne logi er innførd, og det daa maatte visa seg trong til aa byta um noko klokkeslætte, som er nemnt i eldre loger, skal kongen kunne taka avgjerd um slikt umbyte fyr det heile land elder fyr einskilde landsluter.

Bakgrunnsstoff endre