Landsmål var namnet på det nye, norske skriftspråket som vart skapt av Ivar Aasen1850-talet, fram til 1929nynorsk vart det offisielle namnet på denne målforma.

Om namnet og namnebytet

endre

Etymologi

endre

Etymologisk er landsmål eit vel hundre år gamalt, nylaga, norsk avløysingsord for det danske lånordet riksmål. Ordet er samansett av ordet land og mål og ihopbunde med binde-s, og kan setjast om med landsspråk/språket for heile landet/allnorsk mål o.l. Då Ivar Aasen i 1853 gav ut Prøver af Landsmaalet i Norge, hadde han alt gjeve ut to ordbøker over norsk folkesprog.

Ideologi

endre

Ideologisk tyder landsmål såleis korkje landsens mål, mål frå landet eller bygdemål og heller ikkje sidemål eller målform eller variant av norsk. Skriftmål og skriftspråk er heller ikkje fulltekkjande, med mindre ein då meiner bokleg mål (bokmål), dvs. litteraturmål med dyrking av talemålet og talemålsnormer. I staden ligg det i ordet ei meir sjølvhevdande haldning, på same måte som i ordet riksmål.

Ved vurdering av kor og på kva måte ordet var ideologisk, må ein og ha i minnet at landsmål og riksmål fram til 1929 var dei offisielle namna på dei to målformene.

Idehistorie

endre

Idehistorisk vart namnet nynorsk vedteke av Stortinget samstundes med at Stortinget i 1929 med eit lite fleirtal sa nei til dansk-norsk og ja til bokmål som namn det som til då hadde heitt riksmål. Ein kan nok ikkje sjå dette namnebytet lausrive frå tanken om samnorsk, der ein meinte at sjølv om folk skreiv landsmål og riksmål, så var talemålet til alle saman meir likt slik at ein kunne byggja på dette for få dei to skriftmåla til å nærma seg einannan.

Frå 1929 er nynorsk det offisielle namnet på det som føre det heitte landsmål. Men me lyt truleg til det sosialdemokratiske Noreg, dvs. etterkrigstida og den såkalla gravlegginga av språkstriden med hjelp av Vogt-komitéen i 1966 (der Ivar Eskeland var med), før me kan byrja å tala om at tanken om nynorsk som berre ein av to variantar av norsk, slår rot i politikken og i målrørsla – på nær den meir konservative delen av målrørsla.

Bakgrunnsstoff

endre