Logistikk
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Logistikk er kunnskapen om å planleggja, administrera og organisera vare- og informasjonsstraum i næringslivet eller militæret.[1] Det handlar om å oppnå høgast mogleg effektivitet gjennom god service og låge omkostninger. Den som arbeider med logistikk kallast logistiker. Omgrepet logistikk har etter kvart glide inn i daglegtals for òg å planleggja og organisera private aktivitetar.
LogistikkutdanningEndra
I dag vert det undervist i logistikk både på vidaregåande skule og høgskular.
På vidaregåande skule-nivå kan ein utdanna seg til logistikkoperatør (lagerarbeid) og jobbar då med transport av varer. Dette inneber blant anna sikring av last, planlegging, lagring, produksjon og klargjøring for sending av gods.[2]
Høgskulen i Molde, vitskapleg høgskule i logistikk er nasjonalt knutepunkt for forsking og utdanning innanfor logistikk, Supply Chain Management og transportøkonomi. Høgskulen er Noregs einaste utdanningsinstitusjon som tildeler doktorgrad i logistikk.[3] Handelshøyskolen BI har eit eige institutt for strategi og logistikk.[4] Det er fleire andre høgskular som tilbyr årsstudium og bachelor knytte til logistikk.[5]
Kühne Logistics University i Hamburg (Tyskland) er verda si einaste universitet med hovudfokus på forsking og undervising i Supply Chain Management og logistikk .[6]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Logistikk» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2018.
ReferansarEndra
- ↑ «Logistikk» Arkivert 2018-02-18 ved Wayback Machine., Bokmålsordboka
- ↑ Logistikkoperator, Utdanning.no
- ↑ PhD Programme in Logistics Arkivert 2014-08-17 ved Wayback Machine., Molde University College
- ↑ Strategi og logistikk Arkivert 22. november 2012 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 22. november 2012 på Wayback Machine., Handelshøyskolen BI
- ↑ Logistikk, Utdanning.no
- ↑ Kühne Logistics University Kühne Logistics University