Høgskolen i Molde
Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk (HiMolde) blei godkjend som vitskapleg høgskule i logistikk 1. januar 2010. Den blei etablert som statleg høgskule 1. august 1994. Høgskolen i Molde var resultatet av at Distriktshøgskolen i Molde og Sykepleierhøgskolen i Molde blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. I dag har Høgskulen vel omkring 2400 studentar og 170 tilsette.
Høgskolen i Molde | |||
| |||
Motto | Med kunnskap for bærekraft og innovasjon | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1994 | ||
Type | Vitskapleg høgskule | ||
Stad | Molde kommune | ||
Studentar | 3 564 | ||
Tilsette | 140 | ||
Org.nummer | 971555483 | ||
Nettstad | https://www.himolde.no | ||
Erstattar | Møre og Romsdal distriktshøgskole, Molde, Sjukepleierhøgskolen i Molde | ||
Høgskolen i Molde 62°44′11″N 7°06′29″E / 62.7365°N 7.108°E |
Den opphavlege distriktshøgskulen blei oppretta i 1969, som ein av dei tre første i landet med studiar innan EDB og økonomi.
Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan helse- og sosialfag, økonomi, idrettsleiing, informatikk og samfunnsfag. Skulen er kanskje mest kjend for studia innan transportøkonomi og logistikk. Desse kan takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og somme doktorgradstudiar, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Innan transportøkonomi og logistikk er skulen nasjonalt knutepunkt for forsking og utdanning. Høgskulen er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som tildeler doktorgrad i logistikk, ein rett den oppnådde i 2003. Høgskulen har ein samarbeidsavtale med Transportøkonomisk institutt blant anna for å fremje samarbeid om forsking gjennom forskarutveksling, bistillingar, doktorgradsutdanning, felles prosjekt mv, samt å fremje samarbeid om undervising og formidling retta mot samferdslesektoren.
Høgskulen tilbyr også utdanning opp til mastergradsnivå i informatikk, helsefag og samfunnsfag, og opp til bachelorgrad i jus, idrettsleiing og økonomi og administrasjon.
Dei to avdelingane ved Høgskolen i Molde er:
- Avdeling for økonomi, informatikk og samfunnsfag (ØIS)
- Avdeling for helse- og sosialfag (HS)
Høgskulen er svært internasjonalt orientert, og har mellom anna ein eigen seksjon av Erasmus Student Network. Skulen har ein stor andel av utanlandske studentar på mastergrads- og doktorgradsnivå i logistikk. Studentane ved høgskulen får også tilbod om å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, blant anna gjennom ei rekkje bilaterale utvekslingsavtalar med utanlandske samarbeidsinstitusjonar i Europa, USA, Canada, Australia og Sør-Afrika. Høgskulen har også ein samarbeidsinstitusjon i Kina.
Høgskolen i Molde blei akkreditert som vitskapleg høgskole (innan fagområdet logistikk) av NOKUT 1. januar 2010.[1]
Høgskolen i Molde var den første norske utdanningsinstitusjonen i Second Life. Den virtuelle campusen heter Kamimo og er ei plattform for e-læring.
Fotnotar
endre- ↑ «Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk». Henta 7. januar 2010.[daud lenkje]
Sjå også
endreBakgrunnsstoff
endre- Høgskolen i Molde
- Møreforskning Molde
- Molde Kunnskapspark Arkivert 2006-05-18 ved Wayback Machine.