Lohamey HaGeta'ot
Lohamei HaGeta'ot (לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת, tyder Ghettokjemparane) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 467.
Lohamei HaGeta'ot | |||
לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Ghettokjemparane | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Mateh Asher | ||
Koordinatar | 32°57′45.71″N 35°5′44.52″E / 32.9626972°N 35.0957000°E | ||
Folketal | 710 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Overlevande kjemparar frå ghettoopprøret i Warszawa, tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Lohamey HaGeta'ot 32°57′47″N 35°05′51″E / 32.963055555556°N 35.0975°E | |||
Kart som viser Lohamey HaGeta'ot.
| |||
Wikimedia Commons: Lohamei HaGeta'ot |
Historie
endreKibbutzen vart grunnlagd i 1949 langs kysthovudvegen mellom Akko og Nahariya, der den tidlegare arabiske landsbyen Al-Sumayriyya låg.[2] Nybyggjarane var mellom anna overlevande frå ghettooppreisten i Warszawa (mellom anna Icchak Cukierman, nestleiar i ŻOB), og tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. Han er namngjeven til minne om jødane som kjempa mot nazistane.
Arkeologi
endreLike ved kibbutzen ligg det store ruinar etter ein akvedukt som gav vatn til Akko, kring 6 km unna, fram til 1948. Akvedukten vart opphavleg bygd mot slutten av 1700-talet av Jezzar Pasha, den osmanske herskaren av Akko, men vart ferdigbygd av sonen hans, Suleiman, i 1814.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lohamey HaGeta'ot» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/akko/0595__lohame_hagetaot/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003635.
- ↑ pp 30-31, All That Remains, ed. Walid Kalidi, publ. Institute for Palestine Studies, Washington, DC, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ Moreh Derech trip report
Bakgrunnsstoff
endre- Ghetto Fighters' House
- Kibbutz Lohamei HaGeta'ot Arkivert 2009-02-01 ved Wayback Machine. (he)