Loksa er ein by og ein kommune nord i Estland, i Harju maakond. Byen har kring 3500 innbyggjarar.

Loksa linn
Horisonten til Loksa linn
Horisonten til Loksa linn
Byvåpenet til Loksa linn
Byvåpenet til Loksa linn


Plassering
Loksa is located in Estland
Styresmakter
Land  Estland
Maakond Harju maakond
Borgarmeister Helle Lootsmann
Geografi
Flatevidd
 - By

3,8 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

3 454
  908,9 /km²
Koordinatar 59°35′0″N 25°43′0″E / 59.58333°N 25.71667°E / 59.58333; 25.71667
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.loksa.ee
Dronevideo av Loksa frå 2022
Busstasjonen i Loksa.

Loksa ligg ved kysten av Austersjøen. Elva Valgejõgi renn gjennom byen og renn ut i Hara-bukta her.

Ein landsby kalla Loksa er først nemnd i 1687. Rundt 1874 tok utviklinga av dagens moderne by til, då landeigarar grunnla eit teglverk utanfor landsbyen. Rundt verket voks det opp ein marknadsby.

I 1903 blei det grunnlagd eit verft på staden, og ein både skipa ut murstein til Tallinn, Helsingfors og St. Petersburg, og reparerte skip her.

  Denne geografiartikkelen som har med Estland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.