London Eye
London Eye er eit stort pariserhjul som ligg like ved Themsen i London i England. Det var det største pariserhjulet i verda då det blei reist, med ei høgd på 135 meter. Til liks med andre slike store pariserhjul, er det laga for at passasjerane skal få eit panoramautsyn over byen. På ein klar solskinsdag er det mogleg å sjå 40 kilometer i alle retningar.
London Eye | |||
| |||
Arkitekt | Julia Barfield, David Marks, Marks Barfield | ||
---|---|---|---|
Opna | mars 2000 | ||
London Eye 51°30′12″N 0°07′11″W / 51.503333333333°N 0.11972222222222°W |
London Eye var laga for tusenårsskiftet 1999–2000, og opna i 1999. Pariserhjulet blei ein så stor turistattraksjon at det vart det ståande etter tusenårsskiftet. Det har 3,5 millionar vitjande kvart år.
Hjulet går vanlegvis kontinuerleg i låg fart, og passasjerane må gå om bord i gondolane medan hjulet går. Ein heil runde tar 30 minutt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «London Eye» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2008.