London lufthamn, Stansted
(Omdirigert frå London Stansted Airport)
London lufthamn, Stansted (offisielt London Stansted Airport, IATA: STN, ICAO: EGSS) er ein mellomstor flyplass med ein rullebane i Essex, omkring 48 km nord for London. Den er tredje travlaste flyplassen i området rundt London etter Heathrow og Gatwick. Fleire lågprisselskap som Ryanair og easyJet har basar på Stansted, og Volga-Dnepr har ofte ein stor Antonov An-124 ståande klar nordvest for rullebanen for å frakte store kolli. FedEx flyr mykje transatlantisk frakt til og frå Stansted.
London lufthamn, Stansted | |||
![]() | |||
IATA | STN ![]() | ||
---|---|---|---|
ICAO | EGSS ![]() | ||
Operatør | BAA ![]() | ||
Tener | London ![]() | ||
Stad | Stansted Mountfitchet ![]() | ||
Opna | 1942 ![]() | ||
Høgd | 106 meter ![]() | ||
Koordinatar | 51°53′6″N 0°14′6″E ![]() | ||
Nettstad | https://www.stanstedairport.com/ ![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |