The Times

(Omdirigert frå London Times)

The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.

The Times

LandStorbritannia[1]
TypeDagsavis, nettavis, avis,[2] periodikum[2]
Grunnlagd1. Januar 1785'"`uniq--ref-00000003-qinu`"''"`uniq--ref-00000004-qinu`"'
EigararNews International, News Corporation
Grunnlegger(ar)John Walter
Redaktør(ar)Flora Shaw (1893),[3] Robert Barrington-Ward (1941– 1948)
SpråkEngelsk[3][2]
HovudkvarterLondon
ISSN0140-0460, 0956-1382, 1363-7746
OCLC992611467[2]
Nettstadhttps://thetimes.co.uk (engelsk)

Format endre

I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til The Independent og bytta til tabloidstorleik.

Opplag endre

Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.

«Ekte» tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst i England for The Sun med 3 274 855.

Historie endre

Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: The Times
  Commons har multimedium som gjeld: The Times