Opna hovudmenyen

Long Litt Woon (fødd 1958) er ein malaysisk-norsk sosialantropolog, embetsmann, konsulent og forfattar.

Long Litt Woon
Fødd 1958
Taiping
Yrke embetsmann

Long Litt Woon blei fødd i Taiping i Malaysia, og kom til Noreg som utvekslingsstudent. Her møtte ho den seinare ektemannen sin Eiolf Olsen, og blei ettervkart busett i Oslo.[1]

Long er utdanna mag. art. i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo i 1988. Ho var førstekonsulent i Departementet for utviklingshjelp (1988–89), og var seinare førstekonsulent, prosjektleiar og byråsjef i Kommunaldepartementet (1989–1998). Ho var tilknytt Europakommisjonen som nasjonalekspert 1994-95. Frå 1998 til 2003 arbeidde ho i Deloitte. Long Litt Woon var direktør for Likestillingssenteret frå 2003 til 2005,[2] og har sidan arbeidd som konsulent i Long & Olsen. Ho har også vore med i fleire styre og utval.[3][4]

Long Litt Woon er mellom anna kjend for teksten «Hvordan jeg lærte å gå på tur», om turgåing i norsk kultur. I 2017 gav ho ut boka Stien tilbake til livet. Om sopp og sorg, som tek utgangspunkt i sorga etter at mannen hennar døydde brått, og at ho etterkvart blei kjend med sopp og sopplukkarar. Long er no soppsakkyndig.[5]

BibliografiEndra

  • Long Litt Woon: «Norsk friluftsliv sett utenfra. Eller: Hvordan jeg lærte å gå på tur», i Kristin Bodsberg og Kjersti Moltubakk (red.): Friluftsliv, Trondheim: Direktoratet for naturforvaltning, 1995, ISBN 8270721921
  • Long Litt Woon (red.): Fellesskap til besvær? Om nyere innvandring til Norge, Oslo: Universitetsforlaget, 2002, ISBN 8200029492
  • Long Litt Woon: Stien tilbake til livet. Om sopp og sorg, Bergen: Vigmostad & Bjørke, 2017, ISBN 9788241915482

KjelderEndra

  1. «Long Litt Woon. Unexpected Dawn: A story about mushrooms and grief. Stien tilbake til livet. Om sopp og sorg» (PDF). norla.no. 
  2. «Long Litt Woon». Store norske leksikon (på norsk). 20. januar 2015. 
  3. «William Nygaard ny styreleder i NRK». Kulturdepartementet. 10. juni 2010. Henta 10. juni 2010. 
  4. Kirke-, utdannings-og forskningsdepartementet (3. mai 1995), «NOU 1995: 9», 014005-020004 (på norsk), henta 29. januar 2019 
  5. «Long Litt Woon», vigmostadbjorke.no, henta 29. januar 2019 

BakgrunnsstoffEndra