Los Angeles Police Department

Los Angeles Police Department (LAPD) er politietaten i byen Los Angeles i den amerikanske delstaten California. Etaten har 9.500 polititenestemenn og 3.000 sivilt tilsette, og dekkjer eit område på 1.209 km² med ein befolkning på rundt 3,4 millionar. LAPD vart etablert i 1869 og har ein rik og kontroversiell historie, inkludert episodar med politibrutalitet og korrupsjon, til dømes Rodney King-saka. Etaten vorte framstilt i mange spelefilmar og TV-seriar.

LAPD har vore underfinansiert gjennom mange tiår, og Los Angeles har derfor eitt av dei lågaste tala på polititenestemenn per innbyggjar i forhold til andre storbyar. Som følgje av dette abonnerer innbyggjarane i stor grad på private tryggingstenester, og vektarar er eit mykje vanlegare syn i Los Angeles sine gater enn i andre byar i California.

Etaten vert styrt av ein politikommisjon som består av fem sivile medlemer som vert utnemnde av borgarmeisteren i Los Angeles. Borgarmeisteren utnemner også politimeisteren – med politikommisjonen si godkjenning – som er øvste polititenestemann i etaten.

Bakgrunnsstoff endre