Lotharkrystallen (også kjend som Susannakrystallen) er ein inngravert kvartsstein frå Lotharingia i Nordvest-Europa. Han viser scener frå bibelsoga om Susanna, og er datert til å vera frå 855–869.[1] Lotharkrystallen tilhøyrer samlinga til British Museum.

Lotharkrystallen

Skildring endre

Det opphavlege elementet i verket er ei rund skive klar kvarts (bergkrystall) med ein diameter på 11,5 centimeter (4,5 in). Han er intagliogravert med åtte scenar frå soga om Susanna og dei eldre frå Daniels bok (seinare rekna som ei av dei apokryfe skriftene av protestantar).[2] Susanna blir fyrst synt fram som uskuldig skulda og dømt for ekteskapsbrot av dei eldre. Profeten Daniel grip inn, avhøyrer dei eldste som blir avdekte som falske og steina. I den siste scenen blir Susanna erklært uskyldig. Saman med scenane er korte innskrifter på latin henta frå Vulgata-omsetjinga av Bibelen.[1][3]

Graveringane på krystallen er utførte i den energiske og særmerkte tidlege mellomalderstilen frå Rheims med opphav i teikningar i manuskript, som dei i Utrecht-psalteret.[1] Krystallen er sett inn i forgylla koppar med ein lauvkant frå 1400-talet.[3] Innfatninga blei tidlegare tillagd heilage Eligius (ca. 588–660), vernehelgenen for gullsmedar.[4]

Datering endre

Krystallen er innskriven med teksten LOTHARIVS REX FRANCORVM IVSSIT ('Lothar, kongen av frankarane, gjorde [dette][5]). Denne viser truleg til Lothar II.[1] Den eldre Lothar kalla seg sjølv imperator ('keisar'), medan den yngre berre kalla seg sjølv rex (konge), slik som eigaren av krystallen. Ein reknar det derfor som sannsynleg at han blei skapt under Lothar II si regjeringstid, truleg rundt midten av 800-talet, slik at han er eit seint døme på karolingisk kunst.[3]

Historie endre

Ingenting er kjend om soga til Lotharkrystallen før 900-talet. Kring denne tida gav ein hertug krystallen i pant til ein kannik i Rheims i byte mot ein hest. Kanniken nekta så å ha krystallen.[6] Seinare blei det oppdaga at han hadde krystallen då domkyrkja brann og kanniken blei røykt ut. For å gjera bot grunnla han Waulsort kloster (i dagens Belgia), der krystallen var til 1700-talet. I ein del av denne perioden blei han brukt av abbedane til å festa korkåpa under messa.

I 1793, under den franske revolusjonen, ransaka revolusjonsstyrkar Waulsort og kasta krystallen i elva Meuse. Han skal då ha fått ein brist.[1] På 1800-talet blei han stolen og juvelane på han blei fjerna.[6] Krystallen dukka opp att hjå ein belgisk seljar, som hevda at han var blitt henta frå elveleiet og selde han til ein fransk samlar for tolv franc. Krystallen blei så kjøpt av den britiske liberale politikaren Ralph Bernal, som betalte 10 pund for han.[7] I 1855 blei han kjøpt av Augustus Wollaston Franks på vegner av British Museum under ein auksjon av Bernal si samling ved Christie's for 267 pund.[3][8][6]

Lotharkrystallen var gjenstand 53 i BBC Radio 4-programmet A History of the World in 100 Objects frå 2010, med gjenstandar valde ut og presenterte av den dåverande direktøren for British Museum, Neil MacGregor.

 
Detaljbilde av graveringa.

Krystallen er ein av ganske få karolingiske graverte smykkesteinar som blei laga for sirkelen kring hoffet. I form liknar han ikkje på nokre av dei andre ein kjenner til. Ei perle med eit portrett av Lothar som truleg var det personlege seglet hans blei hundre år etter at at han døydde sett inn i prosesjonskrossen til Lothar i Aachenkatedralen.[9] Det finst fleire tolkingar for funksjonen og tydinga til krystallen ved det lotharingiske hoffet. Tydinga er er uklar, og han har vore gjenstand for pågåande diskusjonar blant forskarar.[10]

Motivet på krystallen kan tyda at han var meint å visast ved hoffet som eit symbol på ein kong si rolle i å utøva rettferd.[1] Utforminga kan ha vore ein allusjon til rettferds-brystplata brukt av den jødiske ypparstepresten.[4] Etter denne tolkinga kan krystalle ha vore eit forsøk på å visa visuelt herskaren sitt ansvar for å gje rettferd, med ein bibelsk parallell til det vise styret dei rettvise kongane stod for i Det gamle testamentet. Alternativet kan motivet til krystalle symbolisera eit idealisert tilhøve mellom kyrkja og staten, med Susanna som symbol for kyrkja, verna frå fiendane sine av dei rettvise avgjerdene til herskaren.[10]

Valerie Flint har hevda at krystallen kan vera knytta til det bitre skilsmålet mellom Lothar og kona hans Theutberga, som han skilda for å utøva incest og abort. Krystallen viser rettferdiggjeringa av ei kone som er falskt anklaga for eit seksuelt brotsverk, og typen bergkrystall han er laga av blei brukt av frankarane som ein amulett. Flint meiner krystallen kan ha blitt utforma i 865, då Lothar hadde ei mellombels forsoning med kona, for å tena både som ei klandring mot kongen for oppførselen hans og som ein talisman for å verna kongeparet mot vondskap.[11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 British Museum. «Lothair Crystal». A History of the World in 100 Objects. Arkivert frå originalen 20 January 2010. Henta 4 June 2010. 
  2. Brown, Louise Fargo; Carson, George Barr (1971). Men and Centuries of European Civilization. Ayer Publishing. s. 127b. ISBN 978-0-8369-2100-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 British Museum. «The Lothair Crystal». British Museum catalogue. Henta 4 June 2010. 
  4. 4,0 4,1 Kemp, Martin, red. (2000). The Oxford history of Western art. Oxford University Press US. s. 94. ISBN 978-0-19-860012-1. 
  5. «Lothair Crystal». A History of the World. BBC. Henta 16. juni 2010. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Francis, Sir Frank, red. (1971). Treasures of the British Museum. London: Thames & Hudson. ISBN 0-500-20119-6. 
  7. Banham, Joanna; Harris, Jennifer (1984). William Morris and the Middle Ages: a collection of essays, together with a catalogue of works exhibited at the Whitworth Art Gallery, 28 September-8 December 1984. Manchester University Press ND. s. 65–66. ISBN 978-0-7190-1721-6. 
  8. "Franks, Augustus Wollaston." Grove Art Online. Oxford Art Online. 4 June 2010 <http://www.oxfordartonline.com/subscriber/article/grove/art/T029737>.
  9. Lasko, Peter, Ars Sacra, 800-1200, Yale University Press, 1995 (2nd edn.) ISBN 978-0300060485; Image
  10. 10,0 10,1 Nees, Lawrence (2002). Early medieval art. Oxford University Press. s. 239–41. ISBN 978-0-19-284243-5. 
  11. Rider, Caroline (2006). Magic and impotence in the Middle Ages. Oxford University Press. s. 35. ISBN 978-0-19-928222-7. 

Bakgrunnsstoff endre

  • Caygill, Marjorie (2001), The British Museum A-Z companion, Fitzroy Dearborn Publishers, ISBN 978-1-57958-303-3 
  • Flint, Valerie I. J. "Susanna and the Lothar Crystal: A Liturgical Perspective". Early Medieval Europe 4:1 (1995), 61–86.
  • Kornbluth, Genevra Alisoun (1995), Engraved gems of the Carolingian empire, Pennsylvania State University Press, ISBN 978-0-271-01426-5