Lotta i Bråkmakergata

Lotta i Bråkmakergata (svensk Lotta på Bråkmakargatan) er ein av Astrid Lindgrens figurar. Lotta er mellom tre og fem år og er ganska sikker på at ho kan det meste.

Andre som bur i Bråkmakergata er far og mor til Lotta og dei to syskena hennar, Jonas og Mia-Maria, gamletanta Tante Berg og sjølvsagt kosegrisen til Lotta, Bamsen. Gata heiter forresten ikkje Bråkmakergata, men Krukkemakargata, men har blitt omdøypt fordi far til borna seier at sjølv om det kanskje budde krukkemakarar der før, bur det berre bråkmakarar der no.

BøkerEndra

  • 1956 - Barnen på Bråkmakargatan
  • 1961 - Lotta på Bråkmakargatan
  • 1971 - Visst kan Lotta cykla
  • 1977 - Visst kan Lotta nästan allting
  • 1990 - Visst är Lotta en glad unge
  • 1993 - Lottas komihågbok (samlingsvolym)

Barnen på Bråkmakargatan frå 1956 er den første boka i serien, og sjølv om heile familien medverkar, er det likevel den yngste dottera, Lotta, som er hovudpersonen. Ho heng opp plettar i eit tre og leikar at ho er ei geit som beitar lauv. Den 140 sider langa boka vart illustrert i fargar av Ilon Wikland og vart gjeve ut av Rabén och Sjögren.

Lotta på Bråkmakargatan frå 1961 vert innleia med at Lotta vaknar arg frå ein maredraum. Som om det ikkje var nok så ville mor til Lotta at ho skulle ha på seg ei trøye som klødde og stakk, noko den arge Lotta ikkje tolererte. Boka vart illustrert av Ilon Wikland og gjeve ut på Rabén & Sjögrens forlag.

Visst kan Lotta cykla er ei biletbok frå 1971 utgjeven av Rabén & Sjögren som handlar om når Lotta syklar for første gong. Ho gjer det på rein trass, fordi ingen trur at ho kan. Og fordi ho ikkje får noko sykkel låner ho ein altfor stor sykkel og fer iveg langs Bråkmakergata. Boka vart illustrert av Ilon Wikland.

Visst kan Lotta nästan allting frå 1977 utspelar seg kring jul og handlar om kva som hender når det ikkje finst eit einaste juletre att til sals i den vesle byen der Lotta, Mia-Maria og Jonas bur med foreldra sine. Boka vart illustrert av Ilon Wikland og gjeven ut av Rabén & Sjögren.

Visst är Lotta en glad unge frå 1990 utspelar seg i påsken og borna i Bråkmakergata håpar på at påskeharen skal ha gøymt godterifylte påskeegg på tomta, men godteributikken var stengd! Men Lotta har ei hemmelegheit ute i bua. Boka, som vart utgjeven av Rabén & Sjögren, vart illustrert av Ilon Wikland.

Lottas komihågbok frå 1993 er eit samlingsverk og ei dagbok. Boka er illustrert av Ilon Wikland og utgjeven av Rabén & Sjögren.

FilmarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra