Opna hovudmenyen

Lotteri- og stiftelsestilsynet

(Omdirigert frå Lotteritilsynet)

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to underliggjande fagtilsyn med felles direktør og administrasjon. Nær 70 personar er tilsett i organisasjonen. Lotteritilsynet blei oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege pengespel. Bakgrunnen var eit ønske frå Stortinget om å få betre kontroll med den veksande marknaden for spel og lotteri i Noreg.

Frå 1. juni 2014 er Lotteritilsynet delt i to avdelingar – ei avdeling for pengespel og ei for frivilligheit.

  • Lotteritilsynet pengespel har ansvaret for tilsynet med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, forutan speleansvar og kontroll av marknaden, til dømes av ulovleg marknadsføring, ulovlege pengespel og pyramidar.
  • Lotteritilsynet frivilligheit jobbar med lotteriløyve og rekneskapskontroll, og skal også godkjenne entreprenørar og kontrollere bingosektoren. I tillegg har denne avdelinga ansvar for fordeling av momskompensasjon, både den alminnelege ordninga og moms på idrettsanlegg. Denne avdelinga har også ansvaret for tilsyn med Grasrotandelen.

Stiftelsestilsynet blei oppretta 1. januar 2005 og har no ansvaret for tilsyn med og kontroll av alle stiftelsar i Noreg etter stiftelseslova. Dette ansvaret var tidlegare knytt til Fylkesmannen. Det er om lag 7600 stiftelsar i Noreg.

Administrasjon, kommunikasjon, samt teknisk utvikling og drift støttar fagavdelingane med personalpolitikk, økonomi, kommunikasjon samt teknisk utvikling og drift.

Lotteri- og stiftelsestilsynet ligg i Førde i Sogn og Fjordane , med Kulturdepartementet som overordna fagdepartement. Det er Kulturdepartementet som legg rammene for arbeidet gjennom årlege tildelingsbrev.

BakgrunnsstoffEndra