Kulturdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er eit norsk departement med ansvar for kultur-, likestilling og diskriminering-, medie-, idretts- og pengespel- og lotterisaker og koordinerer statleg politikk i samanheng med friviljug sektor.[1] Frå og med 14. oktober 2021 har Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet vore Kultur og likestillingsminister i Noreg, ho tok over etter Abid Raja frå Venstre.

Inngangen til Kultur- og likestillingsdepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap
Foto: Tore Sætre
Kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, Ap. Foto: Tore Sætre

HistorieEndra

Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818.

I samband med omorganiseringa av Regjeringa Stoltenberg II vart det bestemt å flytte kyrkjesakene over til det som då blir Fornyings- og kyrkjedepartementet med verknad frå 1. januar 2010, frå og med same tidspunkt vart namnet på departementet endra til Kulturdepartementet.

Den 1. januar 2022 vart namnet på departementet endra att til Kultur- og likestillingsdepartementet.

OrganisasjonEndra

Politisk leiingEndra

Statsråd og sjef for departementet (kultur- og likestillingsminister) er frå 14. oktober 2021 Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet.[2]

AvdelingarEndra

Departementet har ein statsrådseksjon, ei kommunikasjonseining i tillegg til fem fagavdelingar:

  • Administrasjonsavdelinga
  • Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
  • Avdeling for sivilsamfunn og idrett
  • Kulturvernavdelinga
  • Medie- og kunstavdelinga

Underliggande etatar som er lista i KUDEndra

Underliggande tidlegare eller andre mindre etatarEndra

Tidlegare kulturministrarEndra

Kulturministrar frå og med 1981
Periode Statsråd Parti
19811986 Lars Roar Langslet Høgre
19861989 Hallvard Bakke Arbeidarpartiet
19891990 Eleonore Bjartveit Kristeleg Folkeparti
19901996 Åse Kleveland Arbeidarpartiet
19961997 Turid Birkeland Arbeidarpartiet
19971999 Anne Enger Lahnstein Senterpartiet
19992000 Åslaug Haga Senterpartiet
20002001 Ellen Horn Arbeidarpartiet
20012005 Valgerd Svarstad Haugland Kristeleg Folkeparti
20052009 Trond Giske Arbeidarpartiet
20092012 Anniken Huitfeldt Arbeidarpartiet
20122013 Hadia Tajik Arbeidarpartiet
20132015 Thorhild Widvey Høgre
20152018 Linda Hofstad Helleland Høgre
20182020 Trine Skei Grande Venstre
20202021 Abid Raja Venstre
2021 Anette Trettebergstuen Arbeidarpartiet

KjelderEndra

  1. Kultur-og kirkedepartementet (16. mars 2020), «Ansvarsområder for Kultur- og likestillingsdepartementet», Regjeringen.no (på norsk), henta 24. mai 2022 
  2. Kultur-og kirkedepartementet (25. oktober 2011), «Om Kultur- og likestillingsdepartementet», Regjeringen.no (på norsk), henta 24. mai 2022 

BakgrunnsstoffEndra

Sjå ògEndra