Opna hovudmenyen
Fyll i månekake, av lotusfrøpasta og eggeplomme

Lotusfrøpasta (tradisjonell kinesisk 蓮蓉, forenkla kinesisk 莲蓉, pinyin lían róng) er ein kostbar ingrediens laga av tørka lotusfrø. Han blir mykje brukt i kinesisk mat og i nærskylde mattradisjonar, som japansk mat.

Innan kinesisk matlaging blir pastaen særleg nytta som fyll i månekake, baozi og anna søtt bakverk. Han kan også nyttast i lotusfrøboller, ein utbreidd dim sum-rett.

KjelderEndra

  Denne matartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.