Tradisjonell kinesisk skrift

(Omdirigert frå Tradisjonell kinesisk)

Tradisjonell kinesisk skrift (trad. 繁體字 eller 正體字; forenkl. 繁体字; pinyin fántǐzì) er eitt av to standardiserte teiknsett for å skriva kinesisk. Teikna blei standardiserte under Han-dynastiet, og har endra seg lite sidan 400-talet. Tradisjonell kinesisk blei brukt i Folkerepublikken Kina fram til innføringa av forenkla kinesisk på 1950-talet. Taiwan, Hongkong, Macao og mange kinesiske utvandrarmiljø bruker framleis tradisjonell kinesisk. Tradisjonell kinesisk var òg stort sett i bruk i Japan fram til slutten av andre verdskrigen, før kanji gjekk gjennom ei eiga reform.

«Mao Zedong» med tradisjonell kinesisk skrift, øvst, forenkla i midten og japansk skrift nedst.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.