Lotusfrø er etande frø frå lotusplanten og andre plantar i lotusslekta. Dei blir særleg brukt i asiatisk matlaging og tradisjonell medisin. Frøa kan etast heile, knuste til ein masse eller dei kan brukast til urtete.

Tørka lotusfrø slik dei ofte blir selde på marknadar.
Rå lotusfrø kan etast direkte frå planten.

Typar endre

Lotusfrø kan hentast direkte frå ein frøkapsel og etast, eller dei kan tørkast for å halda seg lenger.

Tørka lotusfrø kan vera brune eller kvite. Dei brune frøa er blitt hausta når frukta er mogen eller nesten mogen, medan dei kvite kjem frå ei frukt som har utvikla frø men ikkje mogna. Ein tek bort skal og membranar frå dei kvite frøa. Ein kan ta ut den bitre kimen med ei hol nål. Kimen i dei mogne frøa, som er hardare, blir som regel teken ut ved at ein bryt dei i to.

Bruk endre

 
Lotusfrø på ein matrett i Macao.

Ferske, rå lotusfrø blir selde i frøkapselen og etne ved at ein bryt laus enkeltfrø og fjernar det gummiakige skalet. Dei blir typisk berre etne og selde på stader der det veks mykje lotus, til dømes i øvre og sentrale Sind i Pakistan, der dei blir selde som dodee. I Manipur i Nordaust-India er dei kjende som thamchet og blir vanlegvis etne rå. Lotusfrø er også utbreidde i Nord-Colombia, særleg i byar som Barranquilla og Cartagena. Her blir dei vanlegvis kalla martillo og blir typisk etne rå.

Lotusfrø er utbreidde som småmat i Thailand, særleg i Surin-provinsen, der dei blir kalla med-bua-op. Dei blir selde som pesteh daryayi (پسته دریایی) eller 'pistasjnøtter frå havet' i Bandar-e Anzali i Iran.[1]

Tørka lotusfrø må blautleggjast over natta før ein bruker dei i matlaging. Deretter kan ein ha dei direkte i supper, congee (rissuppe/risgraut) eller andre retter.

Eit anna svært vanleg bruksområde er som lotusfrøpasta (kinesisk ), som er mykje brukt i kinesisk bakverk og i japanske dessertar.

Krystalliserte lotusfrø () blir laga ved at ein tørker lotusfrø etter at dei har blitt kokte i sirup. Dei er vanlege i kinesisk mattradisjon, særleg i samband med kinesisk nyttår.

Lotusfrø blir tillagt fleire helsebringande eigenskapar, og er mykje brukt i tradisjonell kinesisk medisin. Dette kan også forklara den utbreidde bruken i matlaging. Dei skal mellom anna hjelpa fordøyinga, motverka diaré og verka mot urinvegsinfeksjonar.[2]

Den tørka bitre kimen blir nytta til å laga ein urtete (蓮子心茶) som ein reknar som helsebringande.

Kjelder endre

  1. «پسته دریایی نگین تالاب بین المللی بندرانزلی» (på persisk). januar 2011. Arkivert frå originalen 20. august 2013. Henta 11. november 2017. .
  2. The Benefits of Lotus Seeds, henta 11. november 2017 

Bakgrunnsstoff endre