Lou Pardini
Lou Pardini er ein USA-amerikansk klaverspelar, låtskrivar og songar som er mest kjend som medlem av rockebandet Chicago. Han har òg spelt med kjende musikarar som Stevie Wonder, Santana, Elton John, Peabo Bryson, Earth, Wind, & Fire og The Doobie Brothers, og han har skrive songar for Patti Austin, Kenny G, The Temptations og andre. Han vart nominert til Grammy-prisen for songen «Just to See Her», spelt inn av Smokey Robinson.
Lou Pardini | |||
Lou Pardini i 2013 på ein Chicago-konsert | |||
Fødd | 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion, softrock | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Chicago | ||
Verka som | Musikar |
Pardini har skrive musikk for TV og film som Romance and Cigarettes og Blue.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lou Pardini» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: