Patti Austin
Patti Austin (fødd 10. august 1950) er ein amerikansk R&B-, pop og jazzsongar. I 2008 vann ho Grammyprisen for beste jazz-vokalalbum.
Patti Austin | |||
| |||
Fødd | 10. august 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1955 til i dag | ||
Sjanger | R&B, jazz, dance, Adult Contemporary | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | CTI, Qwest, GRP, Concord | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
Ho debuterte som songar berre fem år gammal og var ein protesjé for Dinah Washington og Sammy Davis jr.. Ein singel frå 1969 for United Artists kalla «Family Tree» nådde top 50 på R&B-lista. Austin spelte inn debutalbumet sitt, End of a Rainbow i 1976, etterfølgd av Havana Candy i 1977 og Body Language i 1980. Ho song vokal for den japanske kotospelaren Yutaka Yokokura på «Love Light» i 1978, gjorde ein duett med Michael Jackson på «It's the Falling in Love» frå Off the Wall, og song «The Closer I Get to You» på albumet til Tom Browne i 1979. Austin song duett med George Benson på «Moody's Mood for Love» i 1980. Ho song korvokal for Houston Person, Noel Pointer, Ralph McDonald, Angela Bofill og Roberta Flack.
Austin song vokal for Quincy Jones på albumet The Dude i 1981 og var med på hitten «Razzamatazz». Ho skreiv så ein platekontrakt med Jones sitt Qwest, og gav ut Every Home Should Have One i 1982, som inneheldt den store hitten «Baby, Come to Me», som vart mykje spelt i såpeoperaen General Hospital. Oppfølgjaren «How Do You Keep the Music Playing», vart kjenningsmelodien for filmen Best Friends. På begge songane song Austin med James Ingram. Ho fortsette å spele musikk for Qwest gjennom 1980-åra, men fekk ikkje like stor suksess, trass i fleire topp-produsentar, som Jam & Lewis i 1985. Austin flytta til selskapet GRP i 1990 og spelte inn Love Is Gonna Getcha med singlane «Through the Test of Time» og «Good in Love». Ho spelte så inn Carry On og Live i 1991 og 1992. Street of Dreams følgde i 1999 og On the Way to Love kom sommaren 2001. Hyllesta til Ella Fitzgerald, For Ella, kom ut våren 2002. Nesten fem år seinare gav ho ut Avant Gershwin og i 2011 kom Sound Advice, produsert av Greg Phillinganes.
Diskografi
endreStudioalbum
endreÅr | album | Lister[1][2][3] | Plateselskap | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
US | US R&B | US Jazz | UK | ||||
1976 | End of a Rainbow | — | — | 31 | — | CTI | |
1977 | Havana Candy | 116 | — | — | — | ||
1980 | Body Language | — | 62 | 28 | — | ||
1981 | Every Home Should Have One | 36 | 16 | 9 | 99 | Qwest | |
1984 | Patti Austin | 87 | — | — | — | ||
1985 | Gettin' Away with Murder | 182 | 25 | — | — | ||
1988 | The Real Me | — | 56 | 7 | — | ||
1990 | Love Is Gonna Getcha | 93 | 45 | 4 | — | GRP | |
1991 | Carry On | — | 75 | 13 | — | ||
1994 | That Secret Place | — | — | 12 | — | ||
1996 | Jukebox Dreams (berre Japan) | — | — | — | — | Pony Canyon | |
1998 | In & Out of Love | — | — | — | — | Concord | |
1999 | Street of Dreams | — | — | — | — | Intersound / Platinum | |
2001 | On the Way to Love | — | — | 21 | — | Warner Bros. | |
2002 | For Ella | — | — | 7 | — | Playboy Jazz / Concord | |
2007 | Avant Gershwin | — | — | 5 | — | Rendezvous | |
2011 | Sound Advice | 15 | — | Shanachie | |||
2015 | album med James Ingram | — | tba | ||||
"—" syner til at albumet ikkje gjekk inn på salslistene |
Konsertalbum
endreÅr | Album | Lister[1][2][3] | Plateselskap | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
US | US R&B | US Jazz | UK | ||||
1979 | Live at the Bottom Line | — | — | 33 | — | CTI | |
1992 | Live | — | — | 20 | — | GRP | |
"—" syner til at albumet ikkje gjekk inn på lista |
Singlar
endreÅr | Singel | Plassering | Album | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
US R&B | US Hot 100 | US A.C | US Dance | ||||
1965 | «I Wanna Be Loved / A Most Unusual Boy» | 45 | — | — | — | (Coral 45 #62471) | |
1969 | «The Family Tree» | 45 | — | — | — | ||
1971 | «Black California» | — | — | — | — | (Columbia 45 #45410) | |
1972 | «Day by Day» | — | — | — | — | (Columbia 45 #45592) | |
1977 | «Say You Love Me» | 63 | — | — | — | End of a Rainbow | |
1978 | «Love, I Never Had It So Good» | 60 | — | — | — | Sounds...and Stuff Like That!! | |
1978 | «We're in Love» | 90 | — | — | — | Havana Candy | |
1980 | «Body Language» | 45 | — | — | — | Body Language | |
1981 | «Do You Love Me?» / «The Genie» | 24 | — | — | 1 | Every Home Should Have One | |
1981 | «Razzamatazz» | 17 | — | — | — | The Dude | |
«Betcha Wouldn't Hurt Me» | — | — | — | — | The Dude | ||
1981 | «Every Home Should Have One» | 55 | 62 | 24 | — | Every Home Should Have One | |
1982 | «Baby, Come to Me» (w/ James Ingram) | 9 | 1 | 1 | — | Every Home Should Have One | |
1983 | «How Do You Keep the Music Playing?» (w/ James Ingram) | 6 | 45 | 5 | — | Duets | |
1983 | «In My Life» | 92 | — | — | — | In My Life | |
1984 | «It's Gonna Be Special» | 15 | 82 | — | 5 | Patti Austin
Two of a Kind filmmusikk | |
1984 | «Rhythm of the Street» | — | — | — | 11 | Patti Austin | |
1984 | «Shoot the Moon» | 49 | — | — | 16 | Patti Austin | |
1985 | «Honey for the Bees» | 24 | — | — | 6 | Gettin' Away with Murder | |
1985 | «Gettin' Away with Murder» | 72 | — | — | — | Gettin' Away with Murder | |
1986 | «The Heat of Heat» | 13 | 55 | — | 14 | Gettin' Away with Murder | |
1990 | «Through the Test of Time» | 60 | — | 9 | — | Love Is Gonna Getcha | |
1991 | «Givin' Into Love» | 55 | — | — | — | Carry On | |
1994 | «Reach» | — | — | — | 4 | That Secret Place | |
"—" syner til at singelen ikkje gjekk inn på lista |
Gjestartist
endreMed Lalo Schifrin
- Black Widow (CTI, 1976)
Med Michael Jackson
- Off the Wall (Epic, 1979)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Patti Austin» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Patti Austin US chart history». allmusic.com. Henta 14. juni 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Patti Austin US chart history». billboard.com. Henta 14. juni 2010.
- ↑ 3,0 3,1 «Patti Austin UK chart history». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2. januar 2013. Henta 14. juni 2010.