Lou Yun (fødd 23. juni 1964) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Hangzhou, som i 1995 utvandra til USA og har arbeidd som forretningsmann. Han vart olympisk meister i hopp både ved Sommar-OL 1984 og Sommar-OL 1988, verdsmeister i skranke og i lagtevlinga i 1983, samt i frittståande og hopp i 1987.

Lou Yun
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 23. juni 1964 (59 år)
Hangzhou
Idrett turn
Tok del i

Asialekene 1986, Asialekene 1982, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's vault, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's vault

Lou deltok i Turn-VM 1983 i Budapest der han vann gullmedaljar i skranke-øvinga og i lagtevlinga, samt bronse i mangekampen. Året etter tok han gullmedaljen i hopp ved Sommar-OL 1984 i Los Angeles, framfor fire utøvarar som delte andreplassen. Elles i leikane fekk Lou sølv i frittståande og i lagtevlinga. Frå Turn-VM 1985 i Montreal reiste han med to sølvmedaljar, den eine oppnådd i spesialøvinga hopp og den andre i lagtevlinga. Under verdsmeisterskapen 1987 i Rotterdam sikra han seg to gullmedaljar. Han var då bestemann i frittståande og hopp, og for tredje gong i rad vann han ein sølvmedalje med Kina sitt mannskap i lagkamp. I dei olympiske sommarleikane i Seoul forsvarte han meistertittelen i hopp-øvinga, og han kom bronseplass i frittståande.

Element i øvingane frittståande og hopp er kalla opp etter Lou Yun. Han slutta som aktiv i 1990.

Kjelder

endre