Lough Conn er ein innsjø (på engelsk lough) i County Mayo i Republikken Irland. Han har eit areal på 57 km². Like sør for Lough Conn ligg ein annan innsjø, Lough Cullin og begge er forbunde til havet via elva Moy. Lough Conn er kjend for aure- og laksefiske.

Lough Conn
innsjø
Lough Conn med Nephin i bakgrunnen
Land  Irland
Fylke County Mayo
Innsjøtype Lough
Utløp Moy
Areal 57 km²
Koordinatar 54°02′36″N 9°14′42″W / 54.04333°N 9.24500°W / 54.04333; -9.24500
Kart
Lough Conn
54°02′36″N 9°14′42″W / 54.043333333333°N 9.245°W / 54.043333333333; -9.245
Kart som viser Lough Conn.
Kart som viser Lough Conn.
Kart som viser Lough Conn.
Wikimedia Commons: Lough Conn

I keltisk mytologi vart Conn danna då Finn Mac Cumhall jakta med hundane sine, Conn og Cullin. Dei kom over eit villsvin og Finn og hundane la etter det. Medan villsvinet sprang kom det vatn ut frå føtene hans. Hundane sprang frå Finn og etter kvart var Conn føre Cullin. Conn jaga villsvinet i fleire dagar fram til innsjøen dukka opp. Villsvinet svømde i land medan Conn drukna. Det same skjedde lenger sør med Cullin.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre