Lough Derravaragh
Lough Derravaragh er ein innsjø (på engelsk lough) i County Westmeath i Republikken Irland. Han ligg nord for Mullingar mellom Castlepollard, Collinstown, Crookedwood og Multyfarnham. Knockeyon er ein ås på 214 moh. og det høgaste punktet i Westmeath. Han ligg like søraust for innsjøen og dominerer landskapet rundt.
Lough Derravaragh | |||
innsjø | |||
Lough Derravarragh og Knockeyon
| |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Westmeath | ||
Innsjøtype | Lough | ||
Tilsig | Inny | ||
Utløp | Inny | ||
Koordinatar | 53°38′0″N 7°21′0″W / 53.63333°N 7.35000°W | ||
Lough Derravaragh 53°39′09″N 7°21′31″W / 53.6526°N 7.3587°W | |||
Wikimedia Commons: Lough Derravaragh |
Elva Inny renn gjennom Lough Derravaragh frå Lough Sheelin på veg mot elva Shannon. Innsjøen er ein populær stad for fisking og vassport.
Segn
endreLough Derravaragh er mest kjend for tilknytinga si til den irske segna om borna til Lir (irsk Oidheadh Chlainne Lir). I følgje segna vart dei fire borna av Kong Lir omskapte til svanar og var i 300 år ved Lough Derravaragh før dei flytta til sunda ved Moyle i 300 år (mellom Irland og Skottland) og så 300 år i Atlanterhavet ved Erris og Innisglory. Trolldomen ville enda då ei kvinne frå sør gifta seg med ein mann frå nord.
Historie
endreI åssida til Knockeyon, St. Eyon-åsen, ligg ruinane etter eit gamalt kapell som var vigd til St. Eyon. Kapellet vart skore ut av grunnfjellet. Ved sida av kapellet ligg St. Cauragh's Well (St. Cauragh-brønnen), og vatnet her hadde visstnok mirakuløse evner. Segna skal ha det til at St. Cauragh vart kasta ut frå Kellsklosteret av St. Columbcille på grunn av disiplinbrot. Han vandra så omkring på landsbygda før han kom til Knockeyon. Her ønska St. Cauragh å vere resten av livet, be til Gud og faste. Han vart så alvorleg sjuk, og då han var døyande bad han til gud om ein drope vatn til å kvele tørsten. Etter ei stund høyrte han lyden av drypande vatn. Han heldt ut handa, drakk av vatnet og vart frisk. Som følgje av dette bygde han kapellet.
I mellomalderen kom tusenvis av menneske til brønnen den første søndagen i innhaustinga, på det som vart kalla Cauragh Sunday . Etter at pilegrimsturen var over slo alle til stades seg ned på ei grøn slette ved foten av åsen der musikarar spelte Fleadh Cheoil og alle åt, drakk og dansa.
Aust for Lough Derravaragh, i åsane Ranaghan, ligg det fleire ringfort frå steinalderen.
Vikingen Thorgest, som er kjend for å ha erobra Dublin, hadde òg eigedommar i nærleiken, sørvest for Lough Lene.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lough Derravaragh» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Knockdrin Castle Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Fleadh Ceol