Lough Owel er ein innsjø (på engelsk lough) nord for Mullingar i County Westmeath i Republikken Irland. Han er ein djup innsjø og er ein populær stad for fiske. Vatn frå Lough Owel gjev vatn til Royal Canal, ein kanal som kryssar Irland frå Dublin til elva Shannon.

Lough Owel
innsjø
Land  Irland
Fylke County Westmeath
Innsjøtype Bresjø
Utløp Brosna
Høgd over havet 85 moh.
Lengd km
Breidd km
Koordinatar 53°34′23″N 7°23′18″W / 53.57306°N 7.38833°W / 53.57306; -7.38833
Kart
Lough Owel
53°34′23″N 7°23′18″W / 53.573055555556°N 7.3883333333333°W / 53.573055555556; -7.3883333333333
Wikimedia Commons: Lough Owel

Lough Owel og Lough Ennell er to av mange innsjøar som er ein del av nedslagsfeltet til elva Brosna. Brosna er ei av sideelvane til Shannon, og renn gjennom Mullingar og Kilbeggan, begge i Westmeath, og frå her gjennom byane Clara i County Offaly og ut i Shannon.

Vikinghøvdingen Thorgest vart drukna i Lough Owel av Máel Sechnaill mac Maíl Ruanaid i 845.

Sjå òg

endre

Kjelde

endre