Opna hovudmenyen
County Offaly
Contae Uíbh Fhailí
Plasseringa til County Offaly på Irland
Statistikk
Provins: Leinster
Hovudby: Carlow
Bilnummer: CW
Areal: 896 km²
Folketal (2006): 50 471
Folketettleik: 56 /km²
Nettside: www.countycarlow.ie

County Offaly (irsk Contae Uíbh Fhailí) er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Leinster.

Opphavleg utgjorde grevskapet Kongedømet Uí Failghe og det vart gjort til grevskap i 1556 av Maria I av England, og vart opphavleg kalla King's County («Kongen sitt grevskap») etter Kong Filipp II av Spania. Hovudbyen var Daingean fram til 1800-talet.

County Offaly grensar til Westmeath i nord, Roscommon, Galway og Tipperary i vest, Laois i sør og Kildare og Meath i aust.

I den sørlege delen av grevskapet ligg fjellkjeda Slieve Bloom, og i den nordvestlege delen ligg flaumsletta til Shannonelva, medan resten av området består av store myrområde, som Bog of Allen and Boora Bog.

Byar i OffalyEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra