Ny-Caledonia
Ny-Caledonia (fransk Nouvelle-Calédonie) er eit fransk territorium i Stillehavet, som består av øya Ny-Caledonia, øygruppa Îles Loyauté, og fleire småøyer. Arealet er 19 058 km², om lag som Sogn og Fjordane fylke, og dermed eit av dei større landa eller territoria i Oseania. Folketalet var 240 400 i 2007. Det næraste nabolandet er Vanuatu i nordaust. I vest ligg Australia, 1200 km borte, og i sør, 1500 km borte, ligg New Zealand.
![]() |
![]() |
Det franske flagget, i bruk på Ny-Caledonia | Emblem |
![]() | |
Status | Fransk collectivité sui generis (oversjøisk område med spesiell status) |
---|---|
Regjeringspresident (Président du Gouvernement) | Harold Martin |
Hovudstad | Nouméa |
Offisielt språk | Fransk |
Areal - % vatn |
19 058 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 240 400 (2007) |
Verdsdel | Oseania |
Internet-domene | .nc |
Tidssone | UTC +11 |
Internasjonal telefonkode | +687 |
Nasjonalsong |
Dei opphavlege ibuarane, av melanesisk opphav, utgjorde i 1998 44,1 % av folketalet. Om lag 34,1 % var av europeisk eller blanda opphav, og over 11 % var polynesiarar frå andre øyer i Stillehavet, som har kome til øyene etter at dei vart franske.
Øyene har vore folkesett i over 3000 år. Dei første europearane kom til området på slutten av 1700-talet, og øya fekk namnet New Caledonia av James Cook i 1774. Øyene var fransk koloni frå 1853 til 1946, etter det fransk oversjøisk territorium fram til 1999. Sidan 1999 har området hatt ein spesiell status innan den franske republikken, medan det pågår ein prosess mot større sjølvstyre.
Kampen om sjølvstende endre
Ved tre høve har Ny-Caledonia hatt folkerøystingar om det skal vera ein del av Frankrike eller om det skal erklæra seg sjølvstendig. Valresultata frå 2018 og 2020 gav ikkje stor nok oppslutnad til å erklæra seg uavhengig, og ved valet i 2021 vart oppslutnaden heile 97% i favør av å vera ein del av Frankrike. Sjølvstende-rørsla boikotta valet i 2021 – ettersom dei ikkje ville ha folkerøystinga under koronapandemien – som medførte til at berre 40% brukte røysteretten sin. Sjølvstende-rørsla valte difor ikkje å godkjenna dette valet.[1][2]
Kjelder endre
- ↑ «Macron in New Caledonia: why is the territory divided and will it break away from France?» (på engelsk). The Guardian. Henta 23. september 2023.
- ↑ «Macron urges 'sincere' talks over New Caledonia independence dispute» (på engelsk). France24. Henta 23. september 2023.
- ↑ «New Caledonia: Country Flag» (på engelsk). The World Factbook – CIA. Henta 23. september 2023.
- ↑ Bruno Jeudy. «Fillon hisse les drapeaux français et kanak à Nouméa» (på fransk). Le Figaro. Henta 23. september 2023.