Loulé
Loulé er ein by og kommune i Faro distrikt i den sentrale delen av Algarve sør i Portugal. Han er den største og folkerikaste kommunen i Algarve med eit areal på 764,2 km² og eit innbyggjartal på 70 622 (2011).[1] Sjølve byen har cirka 12 100 innbyggjarar. Kommunen grensar til Almodovar i nord, Alcoutim, Tavira, São Brás de Alportel og Faro i aust og til Albufeira og Silves i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør.
Loulé | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Algarve | ||
Distrikt | Faro | ||
Areal | 764,2 km² | ||
![]() Loulé | |||
Wikimedia Commons: Loulé | |||
Loulé er ein viktig turiststad på sørkysten av Portugal (Algarvekysten), som er kjend for det årlege karnevalet sitt – Carnaval de Loulé. I tillegg til byen som har gjeve namn til kommunen, omfatta kommunen også byen og feriestaden Vilamoura/Quarteira.
SoknEndra
Lagoa består av ni sokn (freguesias):[2]
- Almancil
- Alte
- Ameixial
- Boliqueime
- Quarteira
- Querença, Tôr e Benafim
- Salir
- São Clemente
- São Sebastião
Folk frå LouléEndra
- José Mendes Cabeçadas (1883–1965), president av Portugal i 1926
- Aníbal Cavaco Silva (f. 1939), portugisisk statsminister, president av Portugal frå 2006 til 2016
KjelderEndra
- ↑ «Statistics Portugal». ine.pt. Henta 7. mai 2018.
- ↑ «Lei n.º 11-A/2013 de 28 de janeiro. Reorganização administrativa do território das freguesias» (pdf). Diário da República (på portugisisk) (19 de 28 de enero de 2013 (Série I), Suplemento). ISSN 0870-9963.
- Denne artikkelen bygger på «Loulé» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2021.