Opna hovudmenyen
Feil i uttrykket: Uventa tal

Faro er ein hamneby i Algarve i Portugal. Byen hadde 41 934 innbyggjarar i 2004.[1] Han er den største byen i Algarve og «hovudstad» for regionen.[2]

Faro
by
Faro aerial view.jpg
Faro sett frå lufta
flagg
Våpenskjold
Land Flag of Portugal.svg Portugal
Region Algarve
Distrikt Faro
Areal 201 6 km²
Folketal 58 664 (2006)
Grunnlagd 1266
Wikimedia Commons: Faro, Portugal
Nettstad: http://www.cm-faro.pt/

Innhaldsliste

HistorieEndra

Faro blei erobra av maurarar i 1249.[2] Byen har vore bispesete sidan 1577.[2] Som mange andre stader i Portugal blei store delar av byen øydelagd av jordskjelvet i Lisboa i 1755.[2]

NaturEndra

Ved Faro ligg naturreservatet Ria Formosa, ein lagune på över 170 kvadratkilometer som er rikt på dyreliv, særleg trekkfuglar om vår og haust.

Næringsliv og institusjonarEndra

Hamna i Faro har vore brukt til fiske og utførsel av frukt, kork og anna. Ein har også tradisjonelt levd på fiskehermetikkindustri her.[2] Sidan midten av 1900-talet har turisttrafikk blitt stadig meir viktig.

Byen har eit arkeologisk museum, eit etnografisk museum og eit sjøfartsmuseum, Universitetet her, Universidade do Algarve, blei grunnlagd i 1979.[2]

TransportEndra

Faro har ein internasjonal flyplass.[2] Norwegian har blant anna ei flyrute til byen. Dette var den fyrste utanlandske flyruta til flyselskapet Norwegian.

KjelderEndra

  1. UMA POPULAÇÃO QUE SE URBANIZA, Uma avaliação recente - Cidades, 2004 Nuno Pires Soares, Instituto Geográfico Português (Geographic Institute of Portugal)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Faro» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mai 2015.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.