Love at First Sight av Styx
Love at First Sight Singel av Styx frå albumet Edge of the Century | ||
B-side |
World Tonite | |
---|---|---|
Utgjeve | 1991 | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:37 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Glen Burtnik Dennis DeYoung James «J.Y.» Young | |
Produsent | Dennis DeYoung | |
Styx-kronologi | ||
«Show Me the Way» (1990) |
Love at First Sight | «Paradise» (1997)
|
«Love at First Sight» er ein song frå albumet Edge of the Century av Styx i 1990. Det var den tredje singelen frå albumet og så langt den siste Styx-singelen som gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i USA. Han nådde 25. plassen i juni 1991. Songen gjorde det òg moderat bra på [Adult Contemporary-lista|Adult Contemporary]]-lista og nådde 13. plassen der. Han nådde òg 20. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista i juni 1991.
«Love at First Sight» var den einaste av dei tre singlane frå albumet som var skriven i lag av Dennis DeYoung og Glen Burtnik, i tillegg til James «J.Y.» Young. Som den førre singelen deira, «Show Me the Way», var det ein ballade med DeYoung på solovokal.
Medverkande
endre- Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument
- James Young - sologitar, korvokal
- Glen Burtnik - rytmegitar, korvokal
- Chuck Panozzo - bass
- John Panozzo - trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Love at First Sight (Styx song)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: