Musikkgruppa Styx

Styx er eit amerikansk rockeband frå Chicago, som vart sipa i 1972. Dei vart kjende for albuma dei gav ut seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Dei er mest kjende for ei blanding av hardrock-gitar, balansert av akustisk gitar, synthesizer blanda med akustisk piano, livlege spor og powerballadar og eit element av internasjonal musikalmusikk.[6] Bandet var i starten eit progressivt rockeband i 1970-åra, før dei byrja å ta inn element av poprock og softrock i 1980-åra.

Styx

Styx, 2017. V-H: Lawrence Gowan, Ricky Phillips, Todd Sucherman, James «JY» Young og Tommy Shaw.
OpphavChicago i Illinois i USA
Aktiv
1972–1984, 1990–1991, Sidan 1995
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
MedlemmerJames «J.Y.» Young
Chuck Panozzo
Tommy Shaw
Todd Sucherman
Lawrence Gowan
Ricky Phillips
Tidlegare medlemmerDennis DeYoung
John Panozzo (død)
John «J.C.» Curulewski (død)
Glen Burtnik

Styx er mest kjend for hitsongane som gjekk inn på topp 10 av Billboard Hot 100-lista i USA: «Lady», «Come Sail Away», «Babe», «The Best of Times», «Too Much Time on My Hands», «Mr. Roboto», «Don't Let It End» og «Show Me the Way». Andre kjende songar er «Renegade», «The Grand Illusion», «Blue Collar Man», «Crystal Ball», «Fooling Yourself (The Angry Young Man)», «Rockin' the Paradise», «Boat on the River» og «Suite Madame Blue». Styx har hatt fire album på rad som har selt til fleire gonger platinaplate i USA,[7] i tillegg til 16 topp 40-singlar i USA, der åtte av dei nådde topp 10. Av desse åtte var sju av skrivne av og sungen av det opphavlege medlemmet og songaren Dennis DeYoung, inkludert førsteplassen «Babe».[8] DeYoung har ikkje vore medlem av bandet sidan 1999, då han vart sparka ut av gitaristane James «J.Y.» Young og Tommy Shaw i ein vond krangel.

Biografi endre

Styx oppstod frå eit anna band i Chicago, The Tradewinds, som var aktive seint i 1960-åra med brørne Chuck og John Panozzo (som spelte høvesvis bass og trommer), i tillegg til venen Dennis DeYoung (vokal, klaverinstrument). Tidleg i 1970-åra hadde gruppa endra namn til TW4, og tok inn eit par gitaristar og vokalist, James «JY» Young og John Curulewski. I 1972 sikra dei seg platekontrakt med Wooden Nickel Records, ein etikett under RCA. Kort tid etter endra bandet namn igjen og vart Styx, etter elva i gresk mytologi som rann gjennom underverda.

Får tidleg av spelte Styx ein musikk som kunne minne om samtidige progrockarar som Emerson, Lake & Palmer og The Moody Blues, som ein kan høyre på plater som det sjølvoppkalla debutalbumet frå 1972, Styx II frå 1973, The Serpent Is Rising frå 1973 og Man of Miracles frå 1975. Dei var nesten konstant på turné, og dette i lag med albuma, var med å byggje ein trufast tilhengjarskare for gruppa, men Styx hadde ikkje klart å slå igjennom til dei store massane. Det skjedde med songen «Lady», som opphavleg kom frå det andre albumet deira, då denne byrja å bli spelt på radio seint i 1974 på kanalen WLS-FM i Chicago. Songen vart kort tid etter gjeven ut på singel i heile landet, og steig raskt til sjetteplassen på singellista. På denne tida var Styx byrja å bli misnøgd med plateselskapet sitt, og valde å signere med A&M for det femte albumet sitt, Equinox i 1975. Det tidlegare plateselskapet til Styx gav sidan ut tallause samleplater med songar frå dei første albuma. Like før dei skulle ut på turné for å marknadsføre dette albumet, slutta brått Curulewski i gruppa, og vart erstatta av Tommy Shaw. Shaw viste seg å vere den manglande puslebiten for Styx, og alle albuma deira i resten av 1970-åra selde til minst platinaplate i USA (for 1 million selde eksemplar). Desse var Crystal Ball i 1976, The Grand Illusion i 1977, Pieces of Eight i 1978 og Cornerstone i 1979. Albuma inneheldt hitsinglar og radiostandardar som «Come Sail Away», «Renegade», «Blue Collar Man», «Fooling Yourself» og powerballaden «Babe».[3]

Trass i den enorme suksessen med «Babe», førte han til krangling i bandet, særskild mellom Shaw og DeYoung. DeYoung hadde skrive songen og ønskte å ta Styx i ein meir hardrockbasert retning, medan DeYoung ønskte å gå i ei meir melodisk og teatralsk retning. Dette førte til at DeYoung ei kort stund slutta i gruppa, noko som var ukjend på den tida, før han kom attende. Bandmedlemmane valde å gje ut eit konseptalbum i 1981, Paradise Theater, som var laust basert på starten og slutten på eit ein gong så vakkert teater (som visstnok vart nytta som ein metafor på USA på den tida med den iranske gisselsituasjonen, den kalde krigen, Ronald Reagan).[3] Paradise Theater vart den største hitten til Styx og selde over tre millionar eksemplar over tre år, og vart eit av dei bestseljande artistane i USA på den tida med store hitsinglar som «Too Much Time on My Hands» og «The Best of Times». Men kranglinga i bandet vart berre verre etter suksessen til albumet, sidan DeYoung no var overtydd om at ei teatralsk tilnærming var den rette retninga for Styx framover. Shaw og resten av gruppa gjekk motvillig med på dette, og oppfølgjaren vart nok ein hit, den sci-fi-baserte Kilroy Was Here frå 1983, som fortalte soga om ei framtid der rock and roll var forbode og nesten ein blåkopi av soga på Rush-albumet 2112. Trass i suksessen førte albumet til slutt til at gruppa vart oppløyst då den påfølgjande turneen fokuserte meir på manusbasert dialog og lange filmar enn rock and roll.[3]

Eit konsertalbum, Caught in the Act, kom ut i 1984, før Styx tok ein lengre pause. Dei fleste bandmedlemmane fokuserte på soloprosjekt resten av tiåret. DeYoung gav i 1984 ut Desert Moon med tittelsporet som ein moderat hitsingel. I 1986 gav han ut Back to the World og i 1988 Boomchild. Young gav i 1986 ut City Slickers, medan Shaw gav ut fleire soloalbum - Girls with Guns i 1984, What If? i 1985, Live in Japan i 1986 og Ambition i 1987. Shaw skipa så bandet Damn Yankees i lag med den tidlegare Night Ranger-bassisten og songaren Jack Blades, gitaristen Ted Nugent og trommeslagaren Michael Cartellone, ei gruppe som raskt fekk suksess med det sjølvoppkalla debutalbumet i 1990 og ein hit med powerballaden «High Enough». Dei gav så ut eit mislykka album to år seinare, Don't Thread. Styx kom saman att med nykomaren Glen Burtnik i staden for Shaw og gav ut eit nytt studioalbum i 1990 kalla Edge of the Century. Albumet inneheldt ein hitsingel med powerballaden «Show Me the Way». Styx klarte berre å halde saman ei kort stund og medlemmane gjekk kvar sin veg kort tid etter. DeYoung spelte så Pontius Pilatus i ei oppsetjing av Jesus Christ Superstar og gav ut eit album med musikalmusikk frå Broadway i 1994 kalla 10 on Broadway), medan Young gav ut eit par soloplater, Out on a Day Pass i 1994 og Raised by Wolves i 1995. Shaw slo seg saman med Jack Blades for det kortvarige bandet Shaw Blades og gav ut plata Hallucination i 1995.

Ei nyinnspeling av den tidlege hitten deira, «Lady», kalla «Lady '95», for ei samleplate fekk omsider Shaw attende med resten av Styx att, og dette førte til ein turné med heile bandet i 1996. Trommeslagaren John Panozzo vart derimot alvorleg sjuk på denne tida etter å ha slite med alkoholisme i lang tid, som hindra han i å bli med på heile turneen.[3] Han døydde i juli same året. Styx tok dette tungt, men skaffa seg ein ny trommeslagar i Todd Suchermanog fortsette turneen, som vart ein overraskande stor suksess..[3] Dei gav ut eit konsertalbum og video, Return to Paradise i 1997, medan ein heil ny generasjon av rockefans vart introdusert til Styx via ein komisk bilreklame som brukte songen «Mr. Roboto», i tillegg til at songane vart nytta i TV-seriar som South Park og Freaks & Geeks. Gruppa heldt seg saman lenge nok til å gje ut eit nytt studioalbum, Brave New World, før bandet byrja å krangle på ny.

Medan resten av Styx ønskte å gå vidare med fleire album og turnear, fekk DeYoung ein virusinfeksjon, som gjorde han ekstremt sensitiv for lys. DeYoung klarte å bli frisk att, men då hadde Shaw og Young henta den nye songaren Larry Gowan og gjeve ut eit par konsertalbum - Arch Allies: Live at Riverport i 2000, som var delt 50-50 mellom Styx og REO Speedwagon, og Styx World: Live 2001 i 2001. DeYoung byrja å turnere som soloartist igjen og prøvde sidan å saksøke Shaw og Young om retten til namnet Styx. Dei kom til eit forlik i 2001. Kring same tid stadfesta Chuck Panozzo at han hadde fått AIDS, men klarte å halde sjukdommen i sjakk. Den turbulente karrieren til Styx vart fortalt i ein episode av VH1-serien Behind the Music.

Våren 2003 kom eit nytt studioalbum med Gowan, kalla Cyclorama. Styx bestod no av Shaw, Young, Burtnik, Sucherman og Gowan. Albumet hadde òg med gjestemusikarar som John Waite, Brian Wilson og skodespelaren Billy Bob Thornton. Mot slutten av året var Burtnik ute av bandet og erstatta av det tidlegare Bad English og Babys-medlemmet Ricky Phillips, sjølv om Panozzo spelte med gruppa på utvalde konsertar. Dobbeltplata Come Sail Away: The Styx Anthology frå 2004 dekte heile karrieren deira, medan The Complete Wooden Nickel Recordings frå 2005 fokuserte på dei fire første albuma. Same året gav Styx ut eit coveralbum kalla Big Bang Theory, med somme av favorittsongane deira. Det neste tiåret fortsette Styx å turnere regelmessig, men spelte ikkje inn mykje ny musikk. I 2010 spelte dei inn somme gamle hittar på ny og gav dei ut på Regeneration EP, som fekk ein oppfølgjar i 2011. Bandet fortsette å turnere gjennom 2010-åra, ofte i lag med REO Speedwagon, og i 2017 gav Styx ut konseptalbumet The Mission, det første albumet med originale songar sidan 2003.

Medverkande endre

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

  • Chuck Panozzo – bass, stundom korvokal (1972–1984, 1990–1991, 1995–1999, dels sidan 1999)
  • James «J.Y.» Young – gitar, solo- og korvokal, stundom klaverinstrument (1972–1984, 1990–1991, sidan 1995)
  • Tommy Shaw – gitar, solo- og korvokal, stundom mandolin (1975–1984, sidan 1995)
  • Todd Sucherman – trommer, perkusjon, stundom korvokal (sidan 1995)
  • Lawrence Gowan – klaverinstrument, solo- og korvokal, stundom akustisk gitar (sidan 1999)
  • Ricky Phillips – bass, korvokal, dels gitar (sidan 2003)

Tidlegare medlemmar

  • Dennis DeYoung – klaverinstrument, solo- og korvokal (1972–1984, 1990–1991, 1995–1999)
  • John Panozzo – trommer, perkusjon (1972–1984, 1990–1991; døydde 1996)
  • John «J.C.» Curulewski – gitar, kor- og solovokal, klaverinstrument (1972–1975; døydde 1988)
  • Glen Burtnik – gitar, kor- og solovokal (1990–1991, 1999-2003, dels 1999-2003); bass (1999–2003)

Tidslinje endre

Diskografi endre

Studioalbum

Kjelder endre

  1. Cateforis, Theo (2011). Are We Not New Wave? : Modern Pop at the Turn of the 1980s. University of Michigan Press. s. 159. ISBN 978-0-472-03470-3. 
  2. Knowles, Christopher (2010). The Secret History of Rock 'n' Roll. Viva Editions. s. 111. ISBN 978-1573444057. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Prato, Greg. «Styx – Artist Biography». AllMusic. Henta 3. juni 2020. 
  4. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 550. ISBN 9781843531050. 
  5. Talevski, Nick (2006). Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 482. ISBN 978-1846090912. 
  6. «Home - Styx World». Styx World. 
  7. «Select «Multi-Platinum» & click to end at «1 JAN 1985»». Riaa.com. Arkivert frå originalen 26. juni 2007. Henta 3. juni 2020. 
  8. «Styx». Billboard.com. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Styx