Loweswater er ein liten innsjø i Lake District i England. Landsbyen Loweswater ligg ved breidda av innsjøen.

Loweswater
innsjø
Frå nordaustsida av innsjøen mot Holme Wood
Land  Storbritannia
Opphaldstid 150 dagar[1]
Lengd 1,8[1] km
Breidd 0,55[1] km
Areal 0,6[1] km²
Middeldjupn 8,4[1] m
Største djupn 16[1] m
Volum 5,4 x 106[1]
Koordinatar 54°34′N 3°20′W / 54.567°N 3.333°W / 54.567; -3.333
Kart
Loweswater
54°34′57″N 3°21′19″W / 54.5825°N 3.3552777777778°W / 54.5825; -3.3552777777778
Wikimedia Commons: Loweswater

Innsøjen ligg ikkje langt frå Cockermouth og er lett å nå frå Vest-Cumbria. Fjellgruppa sør for Loweswater vert kalla Loweswater Fells og består av Mellbreak, Gavel Fell, Blake Fell, Hen Comb og Burnbank Fell. Nord for innsjøen ligg Fellbarrow-fjella.

Innsjøen er uvanleg fordi tilsigsområdet strekkjer seg mot senteret av Lake District. Utsiget, Dub Beck, vert Park Beck og renn aust eller søraustover ut frå nordenden av Crummock Water. Via Cocker og Derwent renn vatnet frå Loweswater til slutt ut i sjøen ved Workington.

Området kring Loweswater består av rullande åsar i motsetnad til dei meir steinete fjella andre stader i Lake District.

Loweswater er eigd av National Trust. Ein kan leige robåtar ved innsjøen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 28. juni 2009, henta 30. mars 2010