Opna hovudmenyen

Luca Antonelli

italiensk fotballspelar

Luca Antonelli (fødd 11. februar 1987 i Monza i Lombardia) er ein italiensk fotballspelar som spelar i forsvar for Genoa i italiensk Serie A. Han har òg landskampar for Italia.

Luca Antonelli
LucaAntonelli.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Luca Antonelli
Fødd 11. februar 1987
Fødestad Monza
Høgd 184 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Genoa
Nummer 3
Ungdomsklubbar
2003-04
2004-07
Italia Monza
Italia Milan
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-08
2007-08
2008
2008-10
2011-
Italia Milan
Italia Bari (lån)
Italia Parma (lån)
Italia Parma
Italia Genoa
1 (0)
17 (1)
8 (0)
38 (1)
0 (0)
Landslag
2010- Italia Italia 2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Antonelli spelte for ungdomslaget til Milan og debuterte i Serie A for Milan 23. desember 2006, men han fekk ikkje fleire seriekampar for Milan. Han var på lån hjå Bari i Serie B haustsesongen 2007. Vårsesongen 2008 var han på lån hjå Parma. Parma overtok halve kontrakten hans sommaren 2008, og den andre halvparten sommaren året etter. Tidleg i januar 2011 gjekk han til Genoa. Antonelli debuterte for Italia sitt A-landslag 3. september 2010 i ein EM-kvalifiseringskamp borte mot Estland.