Lucas Biglia

argentinsk fotballspelar

Lucas Rodrigo Biglia (fødd 30. januar 1986 i Mercedes i Buenos Aires-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som har spela for AC Milan, SS Lazio og for det argentinske landslaget. Han vart seriemeister i Belgia med Anderlecht i 2007, 2010, 2012 og 2013. Han var med på å vinna U20-VM i 2005 med Argentina. I 2007, medan han spelte for Anderlecht, vart han kåra til årets unge fotballspelar i Belgia.

Lucas Biglia
Lucas Biglia (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Lucas Rodrigo Biglia[1]
Fødselsdato 30. januar 1986 (34 år)[2][3]
Fødestad Mercedes i Buenos Aires
Høgd 1,78 m[4]
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004–2005 Argentinos Juniors 17 (1)
2005–2006 Independiente 49 (0)
2006–2013 Anderlecht 221 (12)
2013–2017 Lazio 109 (13)
2017–2020 Milan 58 (2)
Landslag
2003 Argentina U17 3 (1)
2005 Argentina U20 8 (1)
2011–2018 Argentina 58 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. juli 2020 (UTC)

KjelderEndra