Lucia
kvinnenamn
Lucia, Luzia og Lucie er kvinnenamn av latinsk opphav som tyder 'lysande'. Den mannlege forma er Lucius.
Namnet er særleg kjend frå den heilage Lucia og feiringa av Luciadagen. Denne dagen er den 13. desember, som er namnedagen for Lucia både i tradisjonell og mange noverandre ordningar, mellom anna i Noreg, Sverige og Danmark.
Lucy er ein utbreidd engelsk variant av namnet.