Domenico Beccafumi

Domenico di Giacomo di Pace Beccafumi (148618. mai 1551) var ein italiensk bilethoggar og målar. Han vert rekna til manieristane.

Domenico Beccafumi
Domenico Beccafumi 064.jpg
Fødd 1486
Castelnuovo Berardenga
Død

18. mai 1551 (66 år)
Siena

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar, tresnitt, miniature painter, gravør, grafikar
Domenico Beccafumi på Commons
Jomfrua føder, ca 1540-43

Liv og gjerningEndra

Domenico var fødd i Montaperti ved Siena kring 1486. Som far sin gjekk han i teneste hos adelsmannen Lorenzo Beccafumi, og det var denne adelsmannen som ordna han læreplass hos ein målar i Siena. Etter eit par år i Roma kring 1510 arbeidde Domenico Beccafumi for det meste i Siena, der han måla takhimlingar, altartavler og fresker. Særleg kjend er han for å ha designa golvmosaikken i katedralen i Siena, eit arbeid som han arbeidde med i 30 år og som det tok over hundre år å fullføre. På sine eldre dagar arbeidde Beccafumi mest som skulptør.

Verka hans har ein stil som bygde på samtidige, florentinske verk. Beccafumi var også påverka den eldre målarstilen utvikla i Siena, som Duccio var den fremste representanten for. Sidan etterlikna han Michelangelo, som han studerte i Roma. Jomfrua føder frå ca 1543 er kanskje det mest kjende biletet etter han.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Domenico Beccafumi

KjelderEndra

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon, 1996