Lucky Lips
«Lucky Lips» Singel av Cliff Richard og The Shadows | ||
B-side |
«I Wonder» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1963 | |
Innspelt | 8. mars 1963, Abbey Road/London | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:41 | |
Selskap | Columbia (EMI) | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber, Mike Stoller | |
Produsent | Norrie Paramor | |
Cliff Richard og The Shadows-kronologi | ||
«Summer Holiday» (1962) |
«Lucky Lips» | «It's All in the Game» (1963)
|
«Lucky Lips» er ein song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller og opphavleg spelt inn av Ruth Brown i 1957 og i 1963 av Cliff Richard. Den tyskspråklege utgåva til Richard, «Rote Lippen soll man küssen» (tekst av Hans Bradtke) gjekk til topps i Vest-Tyskland.
Richard si engelske utgåve gjekk til fjerdeplass i Storbritannia, men førsteplassen i Belgia, Vest-Tyskland, Hong Kong, India, Israel, Nederland, Noreg, Sør-Afrika, Sverige og Sveits.
Andre versjonar
endreMed tekst på svensk som «Slit och släng», fekk Siw Malmkvist ein hit med songen i 1966-1967, og nådde andreplassen i Sverige.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lucky Lips» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2009.
Føregangar «From a Jack to a King» Ned Miller |
Toppen av VG-lista Cliff Richard 8 veker, Veke 22–29, 1963 |
Etterfylgjar «(You're The) Devil In Disguise» Elvis Presley |