Ludwig Leitner (24. februar 194021. mars 2013) var ein austerriksk-vesttysk skirennar, fødd og død i Mittelberg i Vorarlberg, som vart verdsmeister i kombinasjon under dei olympiske leikane i Innsbruck i 1964.

Ludwig Leitner
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. februar 1940
Mittelberg
Død

21. mars 2013 (73 år)
Mittelberg

Yrke alpinist
Språk tysk

Aktiv endre

Leitner representerte Austerrike då han deltok i VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein, der han vart som best nummer ni i slalåm. Året etter fekk han tysk statsborgarskap og representerte sidan Vest-Tyskland. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley kom han på fjerdeplassen i slalåm, eitt tidels sekund bakom bronsevinnar Charles Bozon frå Frankrike. I VM i alpine greiner 1962 i Chamonix vart Leitner nummer fem i slalåm. Han presterte såpass bra i dei andre øvingane at han fekk bronsemedaljen i kombinasjonen.

Under dei olympiske vinterleikane 1964 i Innsbruck kom Leitner på femteplass både i slalåm og utfor, og vart nummer åtte i storslalåm. Samanlagt gjorde desse tre prestasjonane at Leitner kunne innkassere eit VM-gull i kombinasjon, ei grein som ikkje stod på OL-programmet.

I 1966 vart Leitner nummer fem i slalåm for tredje gong på rad i eit stort skimeisterskap. Ved meisterskapen i Chile tok han også ein kombinasjonsmedalje for tredje gong på rad, som i 1962 i ein bronsemedalje. To år seinare enda han på tolvteplassen både i slalåm og utfor under Vinter-OL 1968 i Grenoble.

Ymse endre

Leitner var i 1969 «stand-in» for hovudrolle-spelaren George Lazenby i filmen James Bond i hemmelig tjeneste.

Leitner dreiv eit hotell i heimstaden Mittelberg, ein landsby som har vegsamband med Tyskland, men ikkje med resten av Austerrike.

Kjelder endre