Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet er den norske staten sin uavhengige tilsynsmyndigheit for luftfart. Luftfartstilsynet ferdar ut dei fleste sertifikata, løyva og godkjenningane innan luftfarten og fører tilsyn med at alle aktørane i luftfartssystemet som er tildelt ei driftsløyving til luftfart eller luftfartsrelatert verksemd, utøver denne med heimel i lover og forskrifter.

Luftfartstilsynet blei stifta og skild ut i frå Luftfartsverket 1. januar 2000 med kontor i Oslo. Inntil da var det Luftfartsverket som lagde regelverk, dreiv verksemda og overvaka aktørane i luftfarten (Luftfartsverket inkludert).

Tilsynet blei vedtatt flytta til Bodø innan 1. januar 2007. Flyttinga fann stad over fleire år og har møtt motstand.

Sidan Luftfartstilsynet blei oppretta i 2000 er direktøren for etaten òg norsk luftfartsdirektør. Tidlegare var direktøren for Luftfartsverket norsk luftfartsdirektør. Det er ei åremålsstilling med ein åremålsperiode på seks år.

Liste over luftfartsdirektørar

Ei av avdelingane i Luftfartstilsynet er Legenemnda for flygarar som er ein del av Flymedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo som også er Luftforsvarets flymedisinske kompetansesenter.

BakgrunnsstoffEndra